Tema: Timeprising

På straumfakturaen din finn du følgande informasjon:
 
Mengde
Forbruket i kilowatt-timar (kWh) for heile perioden.
 
Pris inkl. avg.
For timemålte anlegg viser dette eit gjennomsnitt av timekostnadane for anlegget i perioden.
Forklaring

For kvar time i månaden blir kWh-forbruket for timen gonga med straumprisen for den aktuelle timen slik;

kWh * straumpris = timekostnad

Så blir summen av timekostnadane for heile perioden delt på kWh-forbruket for heile perioden, slik at vi får eit gjennomsnitt av dine timekostnader, slik;

sum timekostnad / sum kWh = snitt timekostnad

 
For standmålte anlegg viser dette eit JIP-justert gjennomsnitt av kostnadane for anlegget i perioden.
Forklaring

Totalforbruket for perioden (kWh) blir timefordelt etter netteigar sin JIP (forbruksprofil) og så gonga med straumprisen for kvar time.

Så blir summen av timekostnadane for heile perioden delt på kWh-forbruket for heile perioden, slik at vi får eit gjennomsnitt av timekostnadane, slik;

sum timekostnad / sum kWh = snitt timekostnad

 
Mva
Prosentsatsen for meirverdiavgifta.
 
Beløp inkl. mva
Summen av timekostnadane for heile perioden.
 
 
Har du ein timesmålt målar og har ei avtale basert på innkjøpspris (spotpris), vert du fakturert for ditt forbruk time for time.
Innstøpte varmekablar og varmtvasstankar kan tole å vere skrudd av eit par timar utan at det merkast. Det same med elbillading. Bruk av oppvaskmaskin, vaskemaskin og tørketrommel kan ein med fordel forskyve slik at ein unngår dei høgaste toppane. Vi (og forsikringsselskapa) anbefalar på det sterkaste at slike maskiner ikkje vert brukt om natta og/eller utan tilsyn.

 

Prisprofilen vil variere, men til vanleg er innkjøpsprisane høgast mellom kl 07.00-10.00 og kl 16.00-19.00 på kvardagane. I helgane er prisane jamnare.

 

Innsparinga er avhengig av prisforskjellen og kor mykje forbruk ein kan flytte, men det er ikkje snakk om store summar.

 

Kraftselskapa tener ikkje meir på at kundane blir avrekna etter pris per time. Det er myndigheitene som ønsker dette, og det er mykje av årsaka til at dette har blitt innført.

 

Det er nok eit tidsspørsmål før nettselskapa innfører tariffer som skal bidra til å utjamne forbruket, og det vil nok ha ein liknande verknad som timebasert spotpris. Vi veit ikkje noko om når desse tariffane kjem og heller ikkje korleis det vil sjå ut.

 

På Di side på www.tussa.no finn du oversikt over straumforbruket ditt. Dette er basert på avlesingane (standmålt) eller timeverdiane (timeavlesing) vi får inn frå netteigaren din. Dette er også tilgjengeleg i Tussa sin kundeapp.

 

Årsaka til dette er at no får kvar enkelt kunde ein pris som er basert på sin eigen forbruksprofil, og som dermed ikkje er blanda med andre kundar sin forbruksprofil slik det var tidlegare. Snittprisen på fakturaen vil derfor kunne vere ulik frå kunde til kunde då dette er avhengig av kvar enkelt kundeprofil.

 

 
 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
Telefon
Kundeservice: 70 04 63 00
 
 
 
 

Opningstider kundeservice:

Straum
Måndag–fredag kl. 09.00–16.00
 
Breiband, TV & Telefoni
Måndag–fredag kl. 08.00–17.00
Laurdag kl. 12.00-15.00
 

Besøksadresse kundesenteret:

Langemyra 6, 6160 Hovdebygda