Spotpris (også kalla elspot, marknadspris eller innkjøpspris) er prisen på elektrisk kraft for fysisk levering det neste døgnet.

Prisen vert berekna kvar dag heile året, av den nordiske kraftbørsen (NordPool ASA) på bakgrunn av dei samla kjøps- og salsmeldingane for det neste døgnet frå aktørane i kraftmarknaden. Det vil seie at marknaden bestemmer prisen. Prisen vert oppgitt time for time. Han blir fastsett innan kl. 13.00 og levering til denne prisen startar kl. 00.00 neste døgn, altså ved midnatt.

Prisane er områdeprisar. Det vil seie at spotprisen kan variere frå prisområde til prisområde avhengig av mellom anna overføringskapasiteten mellom landsdelane ("flaskehalsar" i nettet) og feilsituasjonar. Normalt er Noreg inndelt i 5 prisområde (NO1-NO5).
 
Kraftavtalar med spotpris har i tillegg eit påslag per kWh og/eller eit fastbeløp per dag, veke, månad eller år. Påslaget og fastbeløpet vert bestemt av  kraftleverandøren. For privatkundar vert det også lagt til meirverdiavgift (med unntak for Nord-Noreg).

Kjelde: Store Norske Leksikon og Konkurransetilsynet

 
 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
Telefon
Kundeservice: 70 04 63 00
 
 
 
 

Opningstider kundeservice:

Straum
Måndag–fredag kl. 08.00–16.00
 
Breiband, TV & Telefoni
Måndag–fredag kl. 08.00–19.00
 

Besøksadresser kundesenteret:

Straum
Industrivegen 6, 6080 Gurskøy
Sjå køyrerute
 
Breiband, TV & Telefoni
Langemyra 6, 6150  Ørsta