Tema: Straumavtalar

Tussa kan tilby fleire ulike kraftprodukt, breiband, telefoni og digital-TV. I tillegg kan vi utføre alle typer el-installasjonstenester for både privatpersonar og bedrifter.
 
Vi tilbyr også eit komplett utval av tenester og produkt innanfor IT til bedriftsmarknaden.
 
Ta gjerne kontakt med ein av kundebehandlarane våre på telefon 70 04 63 00 for å få informasjon om kva produkt som passar behovet ditt!

Les meir om:



Du kan bestille kraft frå Tussa anten ved å nytte bestillingsskjemaet for det aktuelle Tindekraft-produktet her på nettsidene eller ved å  ringje kundesenteret på telefonnummer 70 04 63 00.

Når du får tilsendt stadfesting på ein inngått kraftavtale hos Tussa, får du samstundes eit angrefristskjema. Du har 14 dagar angrerett etter at du har motteke angreskjemaet.
 

Spotpris (også kalla elspot, marknadspris eller innkjøpspris) er prisen på elektrisk kraft for fysisk levering det neste døgnet.

Prisen vert berekna kvar dag heile året, av den nordiske kraftbørsen (NordPool ASA) på bakgrunn av dei samla kjøps- og salsmeldingane for det neste døgnet frå aktørane i kraftmarknaden. Det vil seie at marknaden bestemmer prisen. Prisen vert oppgitt time for time. Han blir fastsett innan kl. 13.00 og levering til denne prisen startar kl. 00.00 neste døgn, altså ved midnatt.

Prisane er områdeprisar. Det vil seie at spotprisen kan variere frå prisområde til prisområde avhengig av mellom anna overføringskapasiteten mellom landsdelane ("flaskehalsar" i nettet) og feilsituasjonar. Normalt er Noreg inndelt i 5 prisområde (NO1-NO5).
 
Kraftavtalar med spotpris har i tillegg eit påslag per kWh og/eller eit fastbeløp per dag, veke, månad eller år. Påslaget og fastbeløpet vert bestemt av  kraftleverandøren. For privatkundar vert det også lagt til meirverdiavgift (med unntak for Nord-Noreg).

Kjelde: Store Norske Leksikon og Konkurransetilsynet

Noreg er no delt opp i fem marknadsområde (også kalla prisområde eller elspot-område) for straum. Det gir til dels ulike straumprisar i ulike delar av landet, avhengig av tilbod og etterspurnad i kvart område.

Tidvis skjer det at straumforbruket i eit område er høgare enn den straummengda som blir produsert i området, og at flaskehalsar i nettet gjer det umogleg å føre tilstrekkeleg straum inn til dette området. I så fall blir dette eit høgprisområde: eit område der prisen er høgare enn systemprisen.
 
Tilsvarande kan det skje at det i eit område blir produsert for mykje straum i høve til forbruket, og at leidningsnettet ikkje klarer å transportere straumoverskotet ut av området. I slike tilfelle blir området eit lågprisområde: eit område der prisen ligg under systemprisen.
 
Målet med prissetjinga er altså å dempe forbruket når det er knapt med straum, og å stimulere til høgare forbruk når det er straumoverskot.
 
I Norge er det Statnett som bestemmer inndeling av prisområda.
 

 

MÅLARNUMMER
Er eit serienummer som står på straummålaren du har i sikringsskapet. Dersom du skiftar målar vil du få eit nytt målarnummer.

MÅLEPUNKT-ID
Er det unike "fingeravtrykket" på det elektriske anlegget ditt. Dette er ei kode på 10 + 8 siffer som identifiserer eit spesifikt elektrisk anlegg. Dei første ti siffera er alltid 7070575000, medan dei siste åtte er unike for ditt anlegg. Du finn målepunkt-ID på siste faktura frå straumleverandøren eller nettselskapet ditt.

Målepunkt-ID har ein felles nasjonal standard som gjer at informasjonen kan overførast mellom selskap utan mistyding, det vert blant anna brukt dersom du skiftar kraftleverandør.

Dersom du har fleire elektriske anlegg (t.d. bustad, hytte, naust osb.) har kvart anlegg sin unike målepunkt-ID. Denne er uavhengig av om anlegget skiftar eigar eller får ny straummålar.
Å vere e-kunde betyr at du mottek informasjon og faktura frå oss elektronisk.
 
Til dømes har fleire av Tindekraftavtalane våre krav til at all kommunikasjon går føre seg på nettside, SMS og e-post. Du må nytte elektronisk faktura som betalingsmåte, gjerne i kombinasjon med AvtaleGiro.
 
Dersom du blir e-kunde, sjølv om ikkje straumavtala di set krav til det, slepp du å betale fakturagebyr!
 
Kundeprofilen din må til ei kvar tid vere oppdatert med gjeldande e-postadresse og mobil-nummer. Eventuelle endringar kan du utføre ved å logge deg inn på Di side.
 
Her kan du lese meir om e-post- og SMS-faktura, eFaktura og AvtaleGiro.
 
 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
Telefon
Kundeservice: 70 04 63 00
 
 
 
 

Opningstider kundeservice:

Straum
Måndag–fredag kl. 08.00–16.00
 
Breiband, TV & Telefoni
Måndag–fredag kl. 08.00–19.00
 

Besøksadresser kundesenteret:

Straum
Industrivegen 6, 6080 Gurskøy
Sjå køyrerute
 
Breiband, TV & Telefoni
Langemyra 6, 6150  Ørsta