Tema: Straum

Elhub er namnet på Statnett sin nye datahub, som frå februar 2019 tek over mellom anna innsamling av målardata og handtering av meldingar mellom straumleverandørar og eigarane av straumnettet (som til dømes Mørenett). Etter overgangen til Elhub sender nettselskapet ditt målarverdiane dine til Elhub, som deretter sender dine data vidare til oss. Elhub effektiviserer også kommunikasjonen mellom straumleverandørane og netteigarane.
 
 
Du som sluttbrukar kan finne alle eigne målepunkt med tilhøyrande måleverdiar og kontrakter her: https://plugin.elhub.no
Elsertifikat er ei offentleg støtteordning for kraft produsert frå fornybare energikjelder. Straumkundane finansierer ordninga over straumrekninga gjennom at kraftleverandørane er pålagt å legge elsertifikatkostnaden inn i straumprisen. Fram til 2020 skal Sverige og Noreg auke kraftproduksjonen basert på fornybare energikjelder med 28,4 TWh.
 
På Di side på www.tussa.no finn du oversikt over straumforbruket ditt. Dette er basert på avlesingane (standmålt) eller timeverdiane (timeavlesing) vi får inn frå netteigaren din. Dette er også tilgjengeleg i Tussa sin kundeapp.
Det er mange måter ein kan spare straum på. Vi har samla nyttige sparetips her.
Med ein fastprisavtale binder du deg til ei gitt periode der du betalar ein fast pris per kWh. Det vil sei at du betalar same pris i denne perioda og har ei forutsigbar avtale. Du vert varsla om lag ein månad før fastprisperioda nærmar seg slutten og du står då fritt til å velge den avtala du ønskjer. Dersom du ikkje gir oss tilbakemelding innan fastprisavtala di går ut vert du automatisk lagt over på kraftavtala Tindekraft Spot.
Nord Pool er den nordiske kraftbørsen, ein marknadsplass for selgarar og kjøparar av straum. Den gjennomsnittlege spotprisen (innkjøpsprisen) på Nord Pool fungerer som referansepris for prissetjing av den finansielle krafthandelen i Norden og som ein referanse for den øvrige kraftmarknaden. Det vil seie at både norske kraftprodusentar og norske kraftleverandørar tek utgangspunkt i prisen på Nord Pool når dei skal selje og kjøpe straum. Kraftleverandørane sel så denne straumen vidare til forbrukarane gjennom ulike kraftavtaler.
 
Spotprisavtalar følger spotprisen til kraftbørsen Nord Pool i det området du bur i. Denne prisen varierer frå time til time i takt med tilbod og etterspurnad. For timesmålte anlegg fakturerer vi ut frå timeverdiane, men dersom du ikkje har eit timesmålt anlegg brukar vi netteigar sin JIP (forbruksprofil) til avrekning.
Tussa er heimehøyrande mellom tindane i Sunnmørsalpane, og dette har gitt namnet Tindekraft til kraftprodukta våre. Vi har fleire ulike Tindekraft-produkt å velje mellom, og vi tilrår at du ser nærare på dei ulike avtalane vi tilbyr og finn den som er best for deg og hushaldet ditt. Om du treng råd kan du ta kontakt med kundesenteret på telefonnummer 70 04 63 00.

Ei avtale med ein variabel pris er ein mellomting mellom spotpris og fastpris, og prisen endrar seg dermed ikkje så ofte som spotprisen. Du vil ha meir forutsigbarheit og vert varsla ved eventuelle prisendringar. Dei variable prisane settast i takt med marknaden med 14 dagars forseinking for å finne det som passar deg best.
Prisen på straumen er bestemt av tilbod og etterspurnad, altså kor mykje straum kundane ønskjer å kjøpe og kor mykje straum kraftprodusentane har å selge.
 
Marknaden fungerer slik at den rimelegaste krafta vert produsert først. Dette er normalt vannkraft som vert produsert i Noreg. Når forbruket aukar og vi har behov for meir kraft enn det vi klarar å produsere sjølv, vert det kjøpt inn meir dyrare energi frå utlandet (f. eks kolkraft, atomkraft og vindkraft), og straumprisen stig.
 
På kort sikt er straumprisen påverka av forbruket vårt, tilgong på vatn og råvareprisar som gass, olje og kol. På lang sikt er straumprisen påverka av forbruksutvikling, produksjonsevne og transportkapasitet mellom dei ulike prisområda i Noreg, og mellom Noreg og utlandet.
 
Straumprisen du som kunde betalar er leverandørens innkjøpspris (spotpris) pluss fortjeneste til kraftleverandøren og meirverdiavgift til staten. I tillegg må du betale for elsertifikat til kraftleverandøren og nettleige til det lokale nettselskapet ditt.
Det er vanskeleg å anbefale kva type straumavtale du bør velge i og med at folk har ulike preferansar. Historisk sett er ei spotprisavtale rimelegast over tid. Med variabel eller fastpris har du ein meir forutsigbar pris, men desse avtalane kjem som regel noko dyrare ut over tid.
Avtalevilkåra og angrerettsskjema får du tilsendt saman med stadfesting på inngått avtale om Tindekraft. Du kan også laste ned avtalevilkåra for Tindekraftavtalen din på produktsidene.
 
Forbrukertilsynet og Energi­bedrif­tenes lands­forening (EBL) presenterte i desember 2006 revi­derte standar­dav­talar for levering av straum til for­brukarar. Av­talane gjeld frå 01.01.07. EBL har sidan skifta namn til Energi Norge. Standardavtalane er tilgjengelege på Forbrukerombudet sine nettsider. Klikk her
Dei vanlegaste årsakene til at forbruket virkar høgt er:
  • Feilavlesing av målar på siste eller tidlegare avlesingar
  • Manglande avlesing har ført til for høg eller for låg stipulering
  • Feil ved kunde sitt elektriske anlegg eller utstyr, f.eks. defekt termostat på varmtvannstanken
  • Varmeomnar utan termostatstyring eller nattsenking
  • Varmeomnar i uisolerte rom (som garasje, bod osv)
  • Meir tilkopla elektrisk utstyr enn kunde kjenner til

Noreg er no delt opp i fem marknadsområde (også kalla prisområde eller elspot-område) for straum. Det gir til dels ulike straumprisar i ulike delar av landet, avhengig av tilbod og etterspurnad i kvart område.

Tidvis skjer det at straumforbruket i eit område er høgare enn den straummengda som blir produsert i området, og at flaskehalsar i nettet gjer det umogleg å føre tilstrekkeleg straum inn til dette området. I så fall blir dette eit høgprisområde: eit område der prisen er høgare enn systemprisen.
 
Tilsvarande kan det skje at det i eit område blir produsert for mykje straum i høve til forbruket, og at leidningsnettet ikkje klarer å transportere straumoverskotet ut av området. I slike tilfelle blir området eit lågprisområde: eit område der prisen ligg under systemprisen.
 
Målet med prissetjinga er altså å dempe forbruket når det er knapt med straum, og å stimulere til høgare forbruk når det er straumoverskot.
 
I Norge er det Statnett som bestemmer inndeling av prisområda.
 

 

  • Lokalt kundesenter med topp kundeservice
  • Konkurransedyktige prisar
  • Fordelsprogram - les meir om Kraftklubben her
  • Di side
  • Eigen kundeapp
  • Inga forskotsbetaling
  • Sponsorstøtte til nærmiljøet

 

Hos Tussa kan du som straumkunde velje at straumen du kjøper skal vere 100% fornybar energi.
 
For eit tillegg på kr 1 per dag kjøper vi inn opphavsgarantiar som garanterer at det vert produsert ei like stor mengde vasskraft som den straumen du brukar i bustaden din.
 
100% fornybar energi frå Tussa betyr at du tek eit val som gagnar naturen og miljøet vårt. 
 
Du kan lese meir om dette her.
 
 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
Telefon
Kundeservice: 70 04 63 00
 
 
 
 

Opningstider kundeservice:

Straum
Måndag–fredag kl. 09.00–16.00
 
Breiband, TV & Telefoni
Måndag–fredag kl. 08.00–17.00
Laurdag kl. 12.00-15.00
 

Besøksadresse kundesenteret:

Langemyra 6, 6160 Hovdebygda