Tema: Nettleige/målaravlesing

Det er det lokale nettselskapet ditt som har ansvaret for å hente inn målaravlesingar, du må dermed ta kontakt med dei for å registrere varsel om avlesing.
Nettleige betalar du til det lokale nettselskapet ditt (dei som eig straumnettet der du bur). Nettleiga skal dekkje kostnadane for straumtilførselen til bustaden din, samt drift og vedlikehald av straumnettet i ditt område. Denne tenesta har netteigar monopol på, slik at du som forbrukar ikkje kan velje kven du skal betale nettleige til. Nettleiga er altså det du betalar for å få straum overført til bustaden din gjennom leidningsnettet. Nettleiga består av ein fast del og ein variabel del (forbruk).
Ja, Tussa kan bestille nettleige for deg dersom det er mindre enn 30 virkedagar sidan du overtok bustaden. Har det gått meir enn 30 virkedagar må du kontakte det lokale nettselskapet ditt og bestille nettleige på eiga hand.
Dersom du sjølv les av målaren din (ikkje har automatisk målaravlesing) skal du levere avlesing til det lokale nettselskapet ditt.
 
Som kunde hos oss kan du også registrere målaravlesing hos oss, dette kan du gjere via Di side/kundeapp eller ved å ta kontakt med kundesenteret.
AMS er ei forkorting for Avanserte Måle- og Styringssystemer, og er nemninga på dei nye smarte straummålarane som erstattar dei gamle straummålarane innan utgongen av 2018. Med den nye AMS-målaren slepp du å lese av målaren sjølv, det skjer automatisk.
Dersom du har fått ny AMS målar treng du ikkje å lese av målaren din, då innhentar netteigar forbruket ditt automatisk og sender dette vidare til oss.
 
Dersom du har fått fritak for AMS må du sjølv lese av målaren din innan den 1. i kvar månad. Dersom du ikkje registrerer avlesing vert forbruket stipulert av netteigar.
  • Det er enklare for deg
  • Du slepp å lese av straumen
  • Du får betre og meir detaljert oversikt over straumforbruket ditt
  • Nettselskapet vil etter kvart få betre informasjon ved straumbrot og kan rette feil raskare. Målarane registrerer straumforbruket ditt kontinuerlig

Har du spørsmål knytta til AMS og den nye målaren din kan du ta kontakt med det lokale nettselskapet ditt.

 
 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
Telefon
Kundeservice: 70 04 63 00
 
 
 
 

Opningstider kundeservice:

Straum
Måndag–fredag kl. 09.00–16.00
 
Breiband, TV & Telefoni
Måndag–fredag kl. 08.00–17.00
Laurdag kl. 12.00-15.00
 

Besøksadresse kundesenteret:

Langemyra 6, 6160 Hovdebygda