Tema: Kraftnett/Nettleige

Du kan få tilsendt varsel om målaravlesing på sms og/eller e-post. Dette sender vi ut annakvar månad.

Dette kan du registrere sjølv ved å logge deg på ”Di side kraft” eller kontakte Kundesenteret.

Straumnettet kan reknast som kraftforsyninga sitt vegnett, og nettselskapa brukar nettet til å frakte kraft fram til stikkontakten din.
 
For dette betalar du ei "fraktavgift" som heiter nettleige til det lokale nettselskapet ditt, på same måten som bilistane betalar vegavgift for å bruke vegnettet.
 
Nettleiga blir mellom anna nytta til utbyggingar og vedlikehald, slik som til dømes skogrydding. På toppen av nettleiga kjem offentlege avgifter, mellom anna moms.
Grunna krav om nøytralitet kan Tussa berre tilby målaravlesing for kundar som har ein Tindekraft-avtale med oss.
 
Dersom du har ein annan straumleverandør må du lese av hos det lokale nettselskapet ditt.
MÅLARNUMMER
Er eit serienummer som står på straummålaren du har i sikringsskapet. Dersom du skiftar målar vil du få eit nytt målarnummer.

MÅLEPUNKT-ID
Er det unike "fingeravtrykket" på det elektriske anlegget ditt. Dette er ei kode på 10 + 8 siffer som identifiserer eit spesifikt elektrisk anlegg. Dei første ti siffera er alltid 7070575000, medan dei siste åtte er unike for ditt anlegg. Du finn målepunkt-ID på siste faktura frå straumleverandøren eller nettselskapet ditt.

Målepunkt-ID har ein felles nasjonal standard som gjer at informasjonen kan overførast mellom selskap utan mistyding, det vert blant anna brukt dersom du skiftar kraftleverandør.

Dersom du har fleire elektriske anlegg (t.d. bustad, hytte, naust osb.) har kvart anlegg sin unike målepunkt-ID. Denne er uavhengig av om anlegget skiftar eigar eller får ny straummålar.
 
 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
Telefon
Kundeservice: 70 04 63 00
 
 
 
 

Opningstider kundeservice:

Straum
Måndag–fredag kl. 08.00–16.00
 
Breiband, TV & Telefoni
Måndag–fredag kl. 08.00–19.00
 

Besøksadresser kundesenteret:

Straum
Industrivegen 6, 6080 Gurskøy
Sjå køyrerute
 
Breiband, TV & Telefoni
Langemyra 6, 6150  Ørsta