Tema: Flytting

Sjølv om Elhub forenklar prosessar mellom ulike aktørar i energibransjen, er det ikkje sikkert du som straumkunde vil merke forskjell frå tidlegare. Det som imidlertid er nytt for deg, er at du ikkje lenger treng å melde frå til nettselskapet ditt når du skal flytte. Så lenge flyttinga skjer fram i tid, held det å melde frå til oss.
Dersom du allereie har flytta ut av ein bustad og  har gløymt å seie opp abonnementet i din gamle bustad, må du sørge for at huseigar/leigetakar bestiller straum frå den datoen du flytta ut. Dei kan melde frå om dette maks 30 virkedagar tilbake i tid.
 Dersom dei ikkje gjer det kan du risikere å måtte betale for straum i den gamle bustaden din lenge etter at du flytta ut. Så snart nokon andre bestiller straum på målaren du flytta frå vert straumavtala di avslutta automatisk.
Etter innføring av Elhub er det ikkje lenger mogleg å seie opp eit straumabonnement tilbake i tid utan at ny kunde overtek frå same dato.

 

Du bør gi beskjed seinast 3 virkedagar før flyttedato, då det ikkje er mogleg å seie opp ei straumavtale tilbake i tid utan at ny kunde overtek frå same dato. Ta kontakt med kundesenteret vårt eller bruk vårt kontaktskjema.
Nettselskapet ditt kan stenge straumen i bustaden dersom det ikkje er ei aktiv straumavtale på målaren. Dersom du seier opp straumen er det viktig at huseigar er klar over faren ved avstengt straum, spesielt i vinterhalvåret.

 

Etter innføringa av Elhub er det nye retningslinjer og vi som kraftleverandør kan ikkje lenger tilbakedatere ei flytting, men er avhengig av at det vert meldt inn på førehand. 
For at du skal sleppe å betale for straum til ein bustad du har flytta i frå er det svært viktig at du gir oss beskjed seinast 3 virkedagar før du flyttar ut. Ta kontakt med kundesenteret vårt eller bruk vårt kontaktskjema
Dersom du har ein standmålt målar må du sjølv lese av målaren din på flyttedato og melde dette til nettselskapet ditt for å få korrekt sluttfaktura. 
For å overføre den gode straumavtala di til den nye bustaden din, ta kontakt med kundesenteret vårt, vi vil hjelpe deg med bestilling av både straum- og nettleigeavtale. Du må ha målarnummer/målepunkt-ID tilgjengeleg. Du kan også bruke bestillingsskjemaet på nettsida vår. Overtakingsdatoen kan ikkje vere eldre enn 30 virkedagar tilbake i tid.

 

Dersom du skal bestille straum dit du har flytta inn kan du ta kontakt med kundesenteret vårt eller bruke bestillingsskjemaet her. Du må ha målarnummer/målepunkt-ID tilgjengeleg. Overtakingsdatoen kan ikkje vere eldre enn 30 virkedagar tilbake i tid.
Dersom du har ein standmålt målar må vi også ha ei målaravlesing.

 

 
 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
Telefon
Kundeservice: 70 04 63 00
 
 
 
 

Opningstider kundeservice:

Straum
Måndag–fredag kl. 09.00–16.00
 
Breiband, TV & Telefoni
Måndag–fredag kl. 08.00–17.00
Laurdag kl. 12.00-15.00
 

Besøksadresse kundesenteret:

Langemyra 6, 6160 Hovdebygda