Tema: Bestilling

Dersom du skal byte kraftleverandør til oss kan vi ikkje sende oppstartsmelding til Elhub før angrefrista di på 14 dagar har gått ut.
Etter at angrefrista har gått ut tek leverandørbytet om lag 1-4 kalenderdagar. Det forutset at du har fått installert ny målar med automatisk målaravlesing i bustaden din. 
Dersom du har ein straummålar der du melder inn målarstanden din manuelt, vil leverandørbytet ta 3-6 virkedagar.
Du kan endre kontaktinformasjonen din på fleire måtar:
  • Du kan logge deg inn på Di side her på tussa.no. Klikk på namn/kundenummer øvst til høgre når du er innlogga. Velg Personalia. Legg inn endringane dine og klikk på Lagre
  •  I Tussa sin kundeapp kan du klikke på Min profil - Personalia. Legg inn endringane dine og klikk på Lagre endringar
  • Om du ikkje har tilgang til Di side, eller Tussa sin kundeapp kan du ringe til kundesenteret vårt
Oppdateringane vert sendt vidare inn i Elhub – slik at andre aktørar, som nettselskapet ditt, får korrekt informasjon derfra.
Dette er for å sikre dine rettar med to vekers angrerett. Etter innføring av Elhub er kanselleringsfrista mykje kortare enn tidlegare.

 

Dersom du byter frå ein annan leverandør til oss, tek vi oss av alt det praktiske, også varsling til noverande leverandør.

 

Har du kjøpt eller leigd din første bustad? Dersom straumen ikkje er inkludert i husleiga må du skaffe deg ei straumavtale. Hos Tussa er det enkelt! Sjå våre private straumavtalar her.

 

Treng du hjelp til å finne ut kva for ei avtale som passar for deg? Kontakt vårt kundesenter på telefon 700 46 300 så vil vi hjelpe deg.

 

Du bestiller straum via vår nettside. Ved å klikke «bestill» på den avtala du ønskjer og fylle ut eit enkelt bestillingsskjema vert du straumkunde hos oss. Vi tar oss av alt hos den gamle leverandøren din, og sørger for at avtalen din hos dei vert avslutta.
 
Du kan også ta kontakt med kundesenteret via telefon, chat, e-post eller kontaktskjema på vår nettside.



Dersom du har fleire adresser (bustad, hytte, feriebustad, naust osv.) opprettar du ei avtale per målepunkt. Du må då legge inn bestilling for kvart målepunkt. Avtalane vert samla på kundenummeret ditt dersom det vert lagt inn bestilling i ditt namn.
Sjølv om Elhub forenklar prosessar mellom ulike aktørar i energibransjen, er det ikkje sikkert du som straumkunde vil merke forskjell frå tidlegare. Det som imidlertid er nytt for deg, er at du ikkje lenger treng å melde frå til nettselskapet ditt når du skal flytte. Så lenge flyttinga skjer fram i tid, held det å melde frå til oss.
 
 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
Telefon
Kundeservice: 70 04 63 00
 
 
 
 

Opningstider kundeservice:

Straum
Måndag–fredag kl. 09.00–16.00
 
Breiband, TV & Telefoni
Måndag–fredag kl. 08.00–17.00
Laurdag kl. 12.00-15.00
 

Besøksadresse kundesenteret:

Langemyra 6, 6160 Hovdebygda