Straum

 
Ta kontakt med Tussa Installasjon for å bestille anleggskasse/ byggestraum. 
 
Du kan ringe Tussa Installasjon avd. Ulsteinvik på tlf. 70 00 90 30, Tussa Installasjon avd. Ørsta på tlf. 70 04 93 00.
Eller fylle ut bestilling her, så tek dei kontakt med deg.
 
Tussa er ikkje involvert i vindkraftutbygging, og har heller ikkje planar om det.
 
Tussa eig og driv 22 vasskraftverk på søre Sunnmøre, i tillegg til å selje straum, breiband, IT- og installasjonstenester.
 
Du kan endre kontaktinformasjonen din på fleire måtar:
For internett- og digital-tv-kundar:
  • Du kan logge deg inn på Di side her på tussa.no. Klikk på namn/kundenummer øvst til høgre når du er innlogga. Velg Personalia. Legg inn endringane dine og klikk på Lagre
  •  I Tussa sin kundeapp kan du klikke på Min profil - Personalia. Legg inn endringane dine og klikk på Lagre endringar
  • Om du ikkje har tilgang til Di side, eller Tussa sin kundeapp kan du ringe til kundesenteret vårt
 
For straumkundar:
Tussa-24 har blitt Wattn, og har innført nytt kundesystem. Det betyr at eksisterande Di side og kundeapp hos Tussa berre kan brukast til oppslag for historiske data for straumkundane.
Har du behov for å endre kontaktinformasjonen din kan du ringe oss på tlf. 70 04 63 00 eller sende ein e-post til hei@wattn.no
Oppdateringane vert sendt vidare inn i Elhub – slik at andre aktørar, som nettselskapet ditt, får korrekt informasjon derfra.
I oktober/november lanserer vi ny kundeside og ny kundeapp for straumkundane. I desse får du anledning til å oppdatere kontaktinformasjonen din sjølv.
Elhub er namnet på Statnett sin nye datahub, som frå februar 2019 tek over mellom anna innsamling av målardata og handtering av meldingar mellom straumleverandørar og eigarane av straumnettet (som til dømes Mørenett). Etter overgangen til Elhub sender nettselskapet ditt målarverdiane dine til Elhub, som deretter sender dine data vidare til oss. Elhub effektiviserer også kommunikasjonen mellom straumleverandørane og netteigarane.
 
 
Du som sluttbrukar kan finne alle eigne målepunkt med tilhøyrande måleverdiar og kontrakter her: https://plugin.elhub.no
Sjølv om Elhub forenklar prosessar mellom ulike aktørar i energibransjen, er det ikkje sikkert du som straumkunde vil merke forskjell frå tidlegare. Det som imidlertid er nytt for deg, er at du ikkje lenger treng å melde frå til nettselskapet ditt når du skal flytte. Så lenge flyttinga skjer fram i tid, held det å melde frå til oss.
 
 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
Telefon
Kundeservice: 70 04 63 00
 
 
 
 

Opningstider kundeservice:

Straum
Måndag–fredag kl. 09.00–15.30
 
Breiband, TV & Telefoni
Måndag–fredag kl. 08.00–19.00
Laurdag kl. 12.00-15.00
 

Besøksadresse kundesenteret:

Langemyra 6, 6160 Hovdebygda