Mange kundar opplever at nettsidene for Breibandssjekken ikkje viser i nettlesaren.
 
Årsaka er at nettlesaren din varslar deg om at nettsida vår har usikkert innhald, og at du har valt (eller nettlesaren er innstilt slik) at usikkert innhald ikkje skal visast.
 
Dette er ein mellombels feil som skuldast at vi er i ferd med å auke sikkerheita på nettsidene våre, ved å innføre HTTPS-kryptering for all trafikk mellom pc-en din og oss. 
 
Enno har vi ikkje rokke å få kryptering på alle tenestene som ligg utanfor sjølve nettsidene våre, men som vi har inkludert i sidene våre. Dette er tilfelle med til dømes Breibandssjekken.
 
Nettlesaren seier dermed frå om at noko av innhaldet på sida vår ikkje er sikra.
 
Fram til vi får på plass kryptering kan du følgje oppskrifta nedanfor for å vise sidene.
 
Slik løyser du problemet:
For å vise alt innhald på sidene våre må du godta å vise usikkert innhald når nettlesarprogrammet spør deg om det. Her er nokre av dei vanlegaste meldingane (for nettlesarar med norsk språk):
 
Internet Explorer 7 og 8 vil vise ein dialogboks som spør: "Vil du kun se det sikre innholdet på websiden?" Her må du svare "Nei" for å vise alt innhaldet.
 
Internet Explorer 9 og 10 vil gi ei melding i varsellinja nedst om at "Bare sikkert innhold vises". Her må du klikke "Vis alt innhold".
 
Andre nettlesarar kan ha andre meldingar. Les meldinga for å sjå kva du må gjere for å vise det usikre innhaldet.
 
MERK: Dette er trygt å gjere så lenge du er på Tussa sine sider. Men vi vil ikkje anbefale deg å alltid godta usikkert innhald når du er på andre nettsider. Du må alltid vurdere sjølv om du stolar på nettsider du er inne på.
 
For spesielt interesserte:

 

 
 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
Telefon
Kundeservice: 70 04 63 00
 
 
 
 

Opningstider kundeservice:

Straum
Måndag–fredag kl. 08.00–16.00
 
Breiband, TV & Telefoni
Måndag–fredag kl. 08.00–19.00
 

Besøksadresser kundesenteret:

Straum
Industrivegen 6, 6080 Gurskøy
Sjå køyrerute
 
Breiband, TV & Telefoni
Langemyra 6, 6150  Ørsta