Mest spurte

Elhub er namnet på Statnett sin nye datahub, som frå februar 2019 tek over mellom anna innsamling av målardata og handtering av meldingar mellom straumleverandørar og eigarane av straumnettet (som til dømes Mørenett). Etter overgangen til Elhub sender nettselskapet ditt målarverdiane dine til Elhub, som deretter sender dine data vidare til oss. Elhub effektiviserer også kommunikasjonen mellom straumleverandørane og netteigarane.
 
 
Du som sluttbrukar kan finne alle eigne målepunkt med tilhøyrande måleverdiar og kontrakter her: https://plugin.elhub.no
Sjølv om Elhub forenklar prosessar mellom ulike aktørar i energibransjen, er det ikkje sikkert du som straumkunde vil merke forskjell frå tidlegare. Det som imidlertid er nytt for deg, er at du ikkje lenger treng å melde frå til nettselskapet ditt når du skal flytte. Så lenge flyttinga skjer fram i tid, held det å melde frå til oss.
Du kan endre kontaktinformasjonen din på fleire måtar:
  • Du kan logge deg inn på Di side her på tussa.no. Klikk på namn/kundenummer øvst til høgre når du er innlogga. Velg Personalia. Legg inn endringane dine og klikk på Lagre
  •  I Tussa sin kundeapp kan du klikke på Min profil - Personalia. Legg inn endringane dine og klikk på Lagre endringar
  • Om du ikkje har tilgang til Di side, eller Tussa sin kundeapp kan du ringe til kundesenteret vårt
Oppdateringane vert sendt vidare inn i Elhub – slik at andre aktørar, som nettselskapet ditt, får korrekt informasjon derfra.
Mest sansynleg er det fibermodemet som jobbar med å starte igjen. Du må gi han nokre minutt til å laste ned ev. nye oppdateringar.
 
Det kan ta om lag 10 - 15 minutt før alt verkar igjen. Sjekk etter ei stund at digital-tv-boksen din er på.
 
Ikkje ta straumen på verken fibermodemet eller dekodaren, då vil det ta lenger tid.
 

Slik loggar du inn på Tussa Kundeweb (Di side):

 
Logg inn med Facebook-, Google- eller Microsoft-kontoen din!
 
 
Dersom du har ein brukarkonto hos Facebook, Google eller Microsoft kan du bruke den til å logge inn. Første gong du loggar inn treng du kundenummeret og PIN-koden du har mottatt i stadfesting/velkomstbrev frå Tussa.
 
Tussa vil ikkje bruke data frå kontoen din til anna bruk enn å logge inn på Tussa Kundeweb.
 
 
Innlogging med brukarnamn og passord
Har du ikkje ein slik konto, eller ikkje ønskjer å bruke han til innlogging kan du logge inn med brukarnamn og passord
 
 
Første gong du skal logge deg inn må du opprette ein ny brukar der du registrerer e-postadresse og eit valfritt passord.
 
For å gjere dette treng du kundenummeret og PIN-koden du har mottatt i stadfesting/velkomstbrev frå Tussa.
 
Når du klikkar knappen "Registrer brukar" kjem du til denne sida:
 
 
Etter registrering vil du motta ein e-post med ein link du skal klikke på for å aktivere brukaren din. Seinare nyttar du e-postadressa og passordet kvar gong du skal logge inn på Di side.

Innlogging til Di side finn du på www.tussa.no i menyen til høgre.
 

Slik kjem du i gang - Steg for steg:

  1. Du må opprette ein ny brukar
  2. Du må aktivere brukaren din ved å klikke på linken i e-posten du får tilsendt
  3. Du må oppgi e-postadresse og valfritt passord som skal brukast ved innlogging
Nyttige funksjonar!
  • På Di side finn du mellom anna informasjon om straumforbruk, prøveavrekning, fakturainformasjon, produktinformasjon og økonomioversikt, samt tilgang til kundefordelsprogrammet vårt. 
  • Di side fungerer like bra på PC, nettbrett og mobiltelefon!
    Du kan administrere fleire kundeforhold med berre ein brukar og ei innlogging
    Døme: Du kan administrere abonnementet til eit familiemedlem som ikkje sjølv har tilgang på internett
  • Du kan opprette fleire brukarar for kundeforholdet ditt
    Døme: Du kan opprette ein brukar (ei innlogging) for ektefellen din, med eige brukarnamn (e-post) og passord. På den måten har begge tilgang til Di side utan å måtte dele brukarnamn og passord.
Desse vala finn du under "Min profil" i brukarmenyen (klikk på kundenamnet):
 
Har du følgjande problem:
- Du manglar ein eller fleire kanalar som du har abonnement på 
  eller har valt inn i startpakken din
- Det står at du ikkje har tilgang til ein kanal på tv-skjermen
- Det står at du vennleg skal vente litt
- Det er hengelås-ikon på skjermen
 
Løysing for Get-boks MED SIM-kort (t.d. Get box Mikro):
Få automatisk oppdatering på boksen din ved å sende ein SMS med kodeord TV [SIM-kortnummer] til 02123.
(Døme på melding sendt til 02123 vil vere: TV 000008632309).
 
SIM-kortnummeret finn du på SIM-kortet i Get-boksen din.
 
 
Løysing for Get-boks UTAN SIM-kort (Get boX):
Få automatisk oppdatering på boksen din ved å sende ein SMS med kodeord TV til 02123.
MERK! Det er viktig at du sender SMS-en frå det telefonnummeret som er registrert her hos oss. 
 
Dersom du har abonnement på kanalen/kanalane, eller du har valt inn kanalen/kanalane eller tenesta i startpakken din, vil du motta oppdatering i løpet av nokre minutt. 
 
 
Fortsatt problem?
- Logg deg inn på Di side og sjekk at du har valgt inn kanalane og
  tenesta i startpakken din
- Dersom du fortsatt manglar kanalar kan du prøve å 
  gjennopprette boksen til fabrikkinnstilling
Get box Mikro
  • Trykk Exit på fjernkontrollen til boksen
  • Velg Innstillinger og Avansert oppsett
  • Tast inn PIN1 (som standard 0000 dersom du ikkje har valt kode sjølv enno)
  • Vel Reinstallere
 
Manuell gjenoppretting på Get box Mikro (bruk dersom du ikkje får opp menyen når du står på regionval)
  • Ta ut straumen
  • Set i straumen igjen
  • Trykk fleire gongar på tilbakeknappen på fjernkontrollen
  • Når det lyser oransje i displayet tastar du 2485 på nummertastane
 
Get box II
  • Trykk OK på fjernkontrollen til boksen
  • Velg Innstillinger og Avansert oppsett
  • Tast inn PIN1 (som standard 0000 dersom du ikkje har valt kode sjølv enno)
  • Vel Reinstallere og bekreft med OK
  • Vel JA, fortsett og bekreft med OK
 
Manuell gjenoppretting på Get box II (bruk dersom du ikkje får opp menyen når du står på regionval)
  • Ta ut straumen
  • Set i straumen igjen
  • Trykk fleire gongar på tilbakeknappen på fjernkontrollen
  • Når det står "code" i displayet tastar du 2485 på nummertastane
 
Merk! Når boksen vert gjenoppretta til fabrikk-innstillingane vil alle innstillingar og favorittlister forsvinne. Opptak vert ikkje berørt!
Du finn Get kanalvelger i Tussa sin kundeapp eller på Tussa Di side.
 
I Tussa sin kundeapp finn du ikonet for Get kanalvelger nest til venstre. Klikk på ikonet og start å velje inn det du ønskjer i startpakken din. Avslutt ved å bekrefte valet ditt. Kanalane og strøymetenestene du har valgt inn vert tilgjengeleg for deg innan kort tid.
 
På Tussa Di side finn du Get kanalvelger under "Breiband og Digital-TV" i toppmenyen. Logg deg inn på Tussa Di side øvst til høgre her på sida.
  
Du kan velje kanalar i startpakken din ved å nytte Get Kanalvelger. Den har du tilgjengeleg både i Tussa sin kundeapp og på Tussa Di side.
 
Tussa kundeapp
  • Last ned Tussa kundeapp (om du ikkje har gjort det)
  • Logg deg inn med e-postadresse og passord
  • Klikk på KANALVELJAR nest til venstre
  • Vel dei kanalar og tenster du vil ha i startpakken
  • Avslutt ved å klikke på BEKREFT VALG.
 
Tussa Di side (innlogging øvst til høgre her på sida)
  • Logg deg inn med e-postadresse og passord
  • Vel BREIBAND OG DIGITAL-TV i toppmenyen
  • Vel GET KANALVELGER i nedtrekksmenyen
  • Vel dei kanalar og tenster du vil ha i startpakken
  • Avslutt ved å klikke på BEKREFT VALG.
 
Uansett om du vel å bruke Di side eller Tussa kundeapp vert kanalar og tenester tilgjengeleg for deg innan kort tid.
 
 
Desse tinga kan få nettet ditt til å gå treigt:
  • PC-ar med gamle nettverkskort som er kopla til det trådlause nettet ditt
  • Breibandskrevjande tenester (t.d. Netflix og nedlastingar) som vert køyrt over det trådlause nettet
  • Mange PC-ar, nettbrett, spelkonsollar og mobiltelefonar på trådlausnettet
Her kan du lese meir om kva du kan gjere for å løyse problemet:
Det er ofte avgjerande for trådlausdekninga i huset ditt kvar fibermodemet er plassert. Om fibermodemet ikkje er optimalt plassert kan du bestille flytting av det.
Du kan også vurdere om aksesspunkt eller mesh-nettverk kan vere ei betre løysing. Slikt utstyr kan kjøpast i el-butikkar, på nettet, eller hos oss. Ta gjerne kontakt med oss så kan vi i felleskap finne ei god løysing for deg!
Den trådlause tilkoplinga vår vil i dei aller fleste tilfelle fungere bra, utan utfall og ustabilitet. Det er likevel ein del faktorar som kan påverke det trådlause nettverket ditt.
Her kan du lese meir om kva som påverkar det trådlause nettet, og ev. kva du kan gjere!
Dersom det oppstår feil, prøv med ein omstart av dekodar ved å bruke brytaren bak på dekodaren. Nokre av Get-boksane har ikkje brytar, ta då ut straumforsyninga og sett den inn at. 
 
Sjå over at kablane er kopla skikkeleg. Dersom dette ikkje er hjelp i, kan du gjenopprette boksen til fabrikkinstillingar. Les meir om korleis du gjer dette i spørsmål "Korleis kan eg gjenopprette til fabrikkinnstillingar på boksen min." 
 
Om dette ikkje er til hjelp – ta kontakt med Kundesenteret på tlf. 70 04 63 00 (innval 2).
Mange kundar opplever at nettsidene for Breibandssjekken ikkje viser i nettlesaren.
 
Årsaka er at nettlesaren din varslar deg om at nettsida vår har usikkert innhald, og at du har valt (eller nettlesaren er innstilt slik) at usikkert innhald ikkje skal visast.
 
Dette er ein mellombels feil som skuldast at vi er i ferd med å auke sikkerheita på nettsidene våre, ved å innføre HTTPS-kryptering for all trafikk mellom pc-en din og oss. 
 
Enno har vi ikkje rokke å få kryptering på alle tenestene som ligg utanfor sjølve nettsidene våre, men som vi har inkludert i sidene våre. Dette er tilfelle med til dømes Breibandssjekken.
 
Nettlesaren seier dermed frå om at noko av innhaldet på sida vår ikkje er sikra.
 
Fram til vi får på plass kryptering kan du følgje oppskrifta nedanfor for å vise sidene.
 
Slik løyser du problemet:
For å vise alt innhald på sidene våre må du godta å vise usikkert innhald når nettlesarprogrammet spør deg om det. Her er nokre av dei vanlegaste meldingane (for nettlesarar med norsk språk):
 
Internet Explorer 7 og 8 vil vise ein dialogboks som spør: "Vil du kun se det sikre innholdet på websiden?" Her må du svare "Nei" for å vise alt innhaldet.
 
Internet Explorer 9 og 10 vil gi ei melding i varsellinja nedst om at "Bare sikkert innhold vises". Her må du klikke "Vis alt innhold".
 
Andre nettlesarar kan ha andre meldingar. Les meldinga for å sjå kva du må gjere for å vise det usikre innhaldet.
 
MERK: Dette er trygt å gjere så lenge du er på Tussa sine sider. Men vi vil ikkje anbefale deg å alltid godta usikkert innhald når du er på andre nettsider. Du må alltid vurdere sjølv om du stolar på nettsider du er inne på.
 
For spesielt interesserte:

 

 
 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
Telefon
Kundeservice: 70 04 63 00
 
 
 
 

Opningstider kundeservice:

Straum
Måndag–fredag kl. 08.00–16.00
 
Breiband, TV & Telefoni
Måndag–fredag kl. 08.00–19.00
Laurdag kl. 12.00-15.00
 

Besøksadresse kundesenteret:

Langemyra 6, 6160 Hovdebygda