Fiberutbygging

I felt under utbygging (fram til gravearbeidet er ferdig) er etableringsgebyret kr 5 990,- (rabattert etableringspris). 
4 990,- ved fleirmannsbustad.
 
I felt som er ferdig utbygd eller med ein gong gravearbeidet er ferdig i eit felt er etableringsgebyr kr 6 990,-. 
 
I tillegg kjem eventuelle etableringsgebyr for tenester som tv og telefoni.

Tussa leverer fiber til inntaket på huset og inntil 12 meter innvendig kabling frå inntaket og fram til fibermodemet. Treng du meir kabling mellom inntak og fibermodem må du dekkje dette sjølv. All eventuell kabling frå fibermodem til dekoder/ruter eller anna utstyr må du som kunde syte for sjølv (dette kan du avtale med entreprenør eller andre elektroinstallatørar).

Ta kontakt med Tussa Kundesenter på tlf. 70 04 63 00 (innval 2), for å sjekke om vi kan levere fiber til deg.

Det er førebels inga fast leveringstid på fiber. Det tek om lag 6-9 månadar frå sal til ferdig utbygd felt.
 
Bur du i eit felt som allereie er tilrettelagt for fiber tek det om lag 2-4 veker før du kan få fiber installert.
 
Bur du i eit hus som allereie er tilrettelagt for fiber tek det vanlegvis 2 dagar før du kan få fiberleveranse (om alt utstyret fortsatt er på plass).
 
 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
Telefon
Kundeservice: 70 04 63 00
 
 
 
 

Opningstider kundeservice:

Straum
Måndag–fredag kl. 08.00–16.00
 
Breiband, TV & Telefoni
Måndag–fredag kl. 08.00–19.00
 

Besøksadresse kundesenteret:

Langemyra 6, 6160 Hovdebygda