Faktura

Årsaka til dette er at målaravlesinga ikkje er gjort på sjølve avrekningsdatoen for straumrekninga som er den 1. i kvar månad. Dette er svært vanleg, og det som då skjer er at det vert gjort ei stipulering (berekning) av forbruket i tida mellom avlesingsdatoen og avrekningsdatoen. Dette er basert på forventa årsforbruk og ein standard forbruksprofil.


Straumen din blir avrekna den første dagen i kvar månad.
 
Ved avlesing før månadsskiftet, vert det berekna forbruket (basert på årsforbruk) lagt til for å få målarstanden på avrekningsdatoen. Dette viser som ”stipulering maskinelt” på fakturaen.

Ved avlesing etter månadsskiftet vert det berekna forbruket trekt frå for å få målarstanden som var på avrekningsdatoen. Dette viser på fakturaen som ”interpolert”.

Dess kortare tid det er mellom avlesingsdatoen og avrekningsdatoen, dess mindre av forbruket vert berekna. Er avlesinga gjort innan fem dagar før eller etter avrekningsdatoen vil avviket mellom berekna forbruk og reelt forbruk i regelen vere minimalt.
Du finn kopi av alle fakturaer ved å logge deg inn på Di side på www.tussa.no. Fakturaene er også tilgjengeleg via Tussa kundeapp. Dersom du ikkje har tilgong til internett eller appen kan du ta kontakt med kundesenteret.
Vi har lagt til rette for fleire ulike måtar å motta fakturaen på, og det er opp til kvar enkelt å velje den løysinga som passar best.
 
Dei fleste har i dag tilgang til internett eller ein mobiltelefon anten sjølv eller via sine næraste og vil dermed kunne motta fakturaen elektronisk. Svært mange som mottek fakturaen elektronisk kombinerer med AvtaleGiro, slik at fakturaen vert sendt til banken og trekt på forfallsdato.
 
For alle som framleis ønskjer å motta faktura på papir blir det lagt til eit gebyr på kr 49,- inkl. mva for produksjon og utsending av fakturaen.
 
Dersom du treng hjelp eller råd om val av faktureringsmåte, kan du lese meir om dette her eller ta kontakt med kundesenteret.
MÅLARNUMMER
Er eit serienummer som står på straummålaren du har i sikringsskapet. Dersom du skiftar målar vil du få eit nytt målarnummer.

MÅLEPUNKT-ID
Er det unike "fingeravtrykket" på det elektriske anlegget ditt. Dette er ei kode på 10 + 8 siffer som identifiserer eit spesifikt elektrisk anlegg. Dei første ti siffera er alltid 7070575000, medan dei siste åtte er unike for ditt anlegg. Du finn målepunkt-ID på siste faktura frå straumleverandøren eller nettselskapet ditt.

Målepunkt-ID har ein felles nasjonal standard som gjer at informasjonen kan overførast mellom selskap utan mistyding, det vert blant anna brukt dersom du skiftar kraftleverandør.

Dersom du har fleire elektriske anlegg (t.d. bustad, hytte, naust osb.) har kvart anlegg sin unike målepunkt-ID. Denne er uavhengig av om anlegget skiftar eigar eller får ny straummålar.
I 2016 innførte Stortinget vedtak om mva-fritak for elektroniske nyheits- og aktualitetskanalar.
 
På faktura er dette synleggjort på faktura ved at fakturalinje for mva-fri tv-del er lagt til. 
 
Har du grunntilbodet Start vil det til dømes sjå slik ut på fakturaen din:
  • Get TV, Start kr 353,64  (normal mva 25 %)
  • Mva-fri del av Get TV kr 145,36 (mva-fritt 0 %)
 
Til saman er månadsprisen for grunntilbodet Start kr 499,-
Å vere e-kunde betyr at du mottek informasjon og faktura frå oss elektronisk.
 
Til dømes har fleire av Tindekraftavtalane våre krav til at all kommunikasjon går føre seg på nettside, SMS og e-post. Du må nytte elektronisk faktura som betalingsmåte, gjerne i kombinasjon med AvtaleGiro.
 
Dersom du blir e-kunde, sjølv om ikkje straumavtala di set krav til det, slepp du å betale fakturagebyr!
 
Kundeprofilen din må til ei kvar tid vere oppdatert med gjeldande e-postadresse og mobil-nummer. Eventuelle endringar kan du utføre ved å logge deg inn på Di side.
 
Her kan du lese meir om e-post- og SMS-faktura, eFaktura, Digipost og AvtaleGiro.
Du kan få betalingsutsetjing eller betalingsavtale (avdrag) dersom du ikkje har andre uteståande fakturaer hos oss.
 
Ta kontakt med kundesenteret på tlf 700 46 300 eller send ein e-post til kundesenter@tussa.no
Dersom du har fleire straummålarar kan du få samlefaktura frå oss. Du får då ein faktura med underbilag til dei ulike avtalane. For å opprette dette kan du ringe til kundesenteret på tlf 700 46 300 eller sende ein e-post til kundesenter@tussa.no
 
Har du i tillegg kommunikasjonsprodukt med Tussa kan du få dette også på samlefaktura.
Dersom du ønskjer fast forfallsdato på fakturaene dine kvar månad kan vi ordne dette for deg.
 
For å opprette dette kan du ringe til kundesenteret på tlf 700 46 300 eller sende ein e-post til kundesenter@tussa.no
Vi fakturerer månadleg og etterskotsvis. Det vil seie at du får fakturaen midt i månaden (for forbruket ditt månaden før) med forfall i byrjinga av neste månad.
Vi tilbyr foreløpig gjennomfakturering av nettleige berre til kundar i vårt nettområde (Mørenett). Vi vurderer fortløpande om vi skal inngå avtale med andre nettselskap.
 
Når Elhub kjem i drift i løpet av 1. halvår 2019 og ny marknadsmodell vert innført, skal vi som kraftleverandør gjennomfakturere nettleige uansett kva nettselskap ein høyrer til.
Diversebeløpet kan bestå av fleire punkt:
  • Overført beløp frå andre fakturaer (beløp du ikkje har betalt tidlegare, eller beløp du har betalt for mykje)
  • Purregebyr og forsinkelsesrenter på for seint betalte fakturaer
  • Fakturagebyr (for utsending av papirfaktura)
Vi kan tilby ulike elektroniske måtar å motta faktura på: sms-faktura, e-postfaktura, eFaktura og Digipost. Du kan lese meir om dette her.
På straumfakturaen din finn du følgande informasjon:
 
Mengde
Forbruket i kilowatt-timar (kWh) for heile perioden.
 
Pris inkl. avg.
For timemålte anlegg viser dette eit gjennomsnitt av timekostnadane for anlegget i perioden.
Forklaring

For kvar time i månaden blir kWh-forbruket for timen gonga med straumprisen for den aktuelle timen slik;

kWh * straumpris = timekostnad

Så blir summen av timekostnadane for heile perioden delt på kWh-forbruket for heile perioden, slik at vi får eit gjennomsnitt av dine timekostnader, slik;

sum timekostnad / sum kWh = snitt timekostnad

 
For standmålte anlegg viser dette eit JIP-justert gjennomsnitt av kostnadane for anlegget i perioden.
Forklaring

Totalforbruket for perioden (kWh) blir timefordelt etter netteigar sin JIP (forbruksprofil) og så gonga med straumprisen for kvar time.

Så blir summen av timekostnadane for heile perioden delt på kWh-forbruket for heile perioden, slik at vi får eit gjennomsnitt av timekostnadane, slik;

sum timekostnad / sum kWh = snitt timekostnad

 
Mva
Prosentsatsen for meirverdiavgifta.
 
Beløp inkl. mva
Summen av timekostnadane for heile perioden.
 
 
 
 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
Telefon
Kundeservice: 70 04 63 00
 
 
 
 

Opningstider kundeservice:

Straum
Måndag–fredag kl. 08.00–16.00
 
Breiband, TV & Telefoni
Måndag–fredag kl. 08.00–19.00
Laurdag kl. 12.00-15.00
 

Besøksadresse kundesenteret:

Langemyra 6, 6160 Hovdebygda