Tema: Viaplay film og seriar

Alle digital-tv-kundane vår får tilgang til Viaplay gjennom Telia-abonnementet sitt.
 
For å få tilgang til Viaplay sitt innhald kan du anten:
  • Velje inn Viaplay i tv-pakken din for 45 poeng, eller
  • Kjøpe abonnement hos oss på Viasat Film eller Get Viasat Premium
For å få tilgang til Viaplay må du ha ein aktiv Viaplay-konto.
 
Dersom du har eit Viasat-abonnment hos oss, eller har valgt inn Viaplay i tv-pakken din, kan du klikke på denne lenka og aktivere Viaplay-kontoen din: https://signup.viaplay.no/get
 
Du må ha Telia kundenummer for å aktivere Viaplay. Det får du anten ved å klikke deg vidare frå valmenyen for TV etter du har valgt inn Viaplay og bekrefta valet ditt, eller ved å kontakte Tussa sitt kundesenter.
 
Dersom du får beskjed om å kontrollere kundenummer og postnummer må du sjekke at du har lagt inn rett kundenummer først og fremst.
 
Du skal legge inn Telia kundenummer (Tidlegare Get kundenummer), ikkje Tussa kundenummer.
 
Du må også legge inn rett postnummer. Du skal då legge inn postnummeret tilhøyrande adressa der du får levert Tussafiber/digital-tv-abonnementet.
 
For å få tak i Telia kundenummer, nytt ein av måtane under:
  • Har du allereie brukt tv-app eller nett-tv har du fått tilsendt kundenummertet i høve innlogginga til den, leit opp SMS-en frå Get så finn du kundenummeret ditt der
  • Dersom du brukar valmenyen for TV på Tussa Di side til å velje inn Viaplay i startpakken din, kan du klikke på linken du får opp i dialogboksen til Vialay, den vil ta deg direkte til aktiveringssida og kundenummeret ditt kjem opp automatisk
  • Du kan ta kontakt med Tussa Kundesenter på tlf. 70 04 63 00 og sei at du treng å få oppgitt Telia kundenummer, så sender vi det til deg på SMS
For å kunne knyte Viaplay opp mot Telia for å få tilgang til Viaplay sitt innhald på tv-boksen og i Telia Play må du anten:
  • Kjøpe Viasat-abonnement hos Tussa, eller
  • Velje inn Viaplay i tv-pakken din (45 poeng)
Bruk valmenyen for TV på Tussa Di side, eller i Tussa-appen for å velje inn Viaplay i tv-pakken din.
 
Når du har kjøpt Viasat-abonnement hos oss, eller valgt inn Viaplay i tv-pakken din, kan du gå til aktiveringssida til Viaplay.
 
Link til aktiveringsside: https://signup.viaplay.no/get
 
Telia er no valgt som leverandør. Legg inn Telia kundenummer, postnummeret ditt og e-postadressa di. Dersom du allereie har ein ein Viaplay-konto vil då få følgjande beskjed:
 
'Operatøropplysningene dine og e-postadressen din er allerede registrert fra tidligere. Logg på i stedet.'
 
Klikk på 'Logg på i stedet' og legg inn e-postadressa di og passordet ditt.
 
Du har no fått knyta opp eksisterande Viaplay-konto til Telia-abonnementet ditt!
Når du har valgt inn Viaplay i tv-pakken din, eller har kjøpt Viasat-abonnement får du tilgang til dette:
 
På tv-boksen i menyen Play/Film får du tilgang til eit utval av filmar og seriar frå Viaplay. Meir innhald vert lagt til etter kvart.
 
Du får også tilgang til det samme innhaldet i Telia Play (tv-app og nett-tv) som på tv-boksen.
 
Ved å laste ned Viaplay sin app til Telia box, nettbrett, mobil, Apple TV og spelkonsoll, eller logge inn på www.viaplay.no på PC/Mac, får du tilgang til alle filmar og seriar i Viaplay. Du får også tilgang til eit avgrensa sportsinnhald.
 
Viaplay-appen gir deg også tilgang til direktesendte program på TV3, TV4 og TV6.
 
 
For å få tak i Telia kundenummer, nytt ein av måtane under:
  • Har du allereie brukt tv-app eller nett-tv har du fått tilsendt kundenummertet i høve innlogginga til den, leit opp SMS-en frå Get så finn du kundenummeret ditt der
  • Dersom du brukar TV Valmeny på Tussa Di side til å velje inn Viaplay i tv-pakken din, kan du klikke på linken du får opp i dialogboksen til Vialay, den vil ta deg direkte til aktiveringssida og kundenummeret ditt kjem opp automatisk
  • Du kan ta kontakt med Tussa Kundesenter på tlf. 70 04 63 00 og sei at du treng å få oppgitt Telia kundenummer, så sender vi det til deg på SMS
 
 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
Telefon
Kundeservice: 70 04 63 00
 
 
 
 

Opningstider kundeservice:

Straum
Måndag–fredag kl. 09.00–16.00
 
Breiband, TV & Telefoni
Måndag–fredag kl. 08.00–17.00
Laurdag kl. 12.00-15.00
 

Besøksadresse kundesenteret:

Langemyra 6, 6160 Hovdebygda