Tema: TV på nettbrett og mobil

Du treng digital-tv og Internett 25, 50 eller 100 frå Tussa for å bruke tenesta.
 
Last ned appen frå App Store eller Google Play og logg deg på heimenettverket ditt.
 
Logg inn med brukarnamn og passord. Dersom du ikkje har brukarnamn og passord kan du få det tilsendt ved å klikke "Send meg passord" i påloggingsvindauget. Passordet vert sendt til det mobilnummeret som du har registert på Di side hos Tussa.
Get tv kan brukast på iPad, iPhone og iPod Touch så lenge eininga har installert iOS7 eller iOS8. Appen kan også brukast på Androidversjonar nyare enn 4.2.
I appen kan du sjå 30 tv-kanalar. Om du abonnerer på Underhaldningspakken, C More Total eller C More Film kan du også sjå alle filmar og seriar frå C More Play.
 
 
Du kan bruke Get tv på nettbrett og mobiltelefon så lenge du er kopla til det lokale nettverket ditt.
Alle som har digital-tv og Internett 25, 50 eller 100 frå Tussa kan i ei introduksjonsperiode bruke appen utan ekstra kostnad. Last ned appen til ein iPad, iPhone eller iPod Touch. Du må vere tilkopla heimenettverket ditt.

Du må ha abonnement på kanalpakken C More Film eller C More Total for å sjå C More Play på Get TV app'en.

Appen sender opptak til Get box II og Get box HD PVR. Har du fleire boksar vert opptaket sendt til samtlige av Get-boksane dine.
 
 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
Telefon
Kundeservice: 70 04 63 00
 
 
 
 

Opningstider kundeservice:

Straum
Måndag–fredag kl. 08.00–16.00
 
Breiband, TV & Telefoni
Måndag–fredag kl. 08.00–19.00
 

Besøksadresser kundesenteret:

Straum
Industrivegen 6, 6080 Gurskøy
Sjå køyrerute
 
Breiband, TV & Telefoni
Langemyra 6, 6150  Ørsta