Tema: Get-boksane
Må eg kjøpe meg ny TV for å bruke ein digital dekodar?
Du treng ikkje kjøpe ny TV eller skaffe deg spesielle apparat for å nytte deg av dei digitale tenestene våre. Det einaste kravet for å nytte ein digital dekodar er at TV-en din har ein HDMI-inngang.
Eg har digital-TV og innebygd dekodar, må eg ha GET-dekodar?
Ja, du må ha Get-dekodar.
Kan eg få dekodar med opptak?
Ja, du får Get Box Mikro inkludert i abonnementet ditt. Denne kan du velje å oppgradere pragrammvaren på, og dermed få tenester som pause, spole- og opptaksfunksjon (skylagring). I tillegg får du Start forfra og Reprise. Med Start forfra kan du sjå program som allereie har starta frå byrjinga. Med Reprise (tv-arkiv) kan du sjå tv-program som har blitt sendt på dei mest populære kanalane 7-30 dagar tilbake.
Opptak/skylagring kostar kr 99,- per md.
Eg har Get box HD – er det mogeleg å bytte?
Dersom du ønskjer å bytte til Get box Mikro kan du det, mot eit gebyr.
Korleis kan eg gjenopprette til fabrikkinnstillingar på boksen min?
Get box Mikro
- Trykk Exit på fjernkontrollen til boksen
- Velg Innstillinger og Avansert oppsett
- Tast inn PIN1 (som standard 0000 dersom du ikkje har valt kode sjølv enno)
- Vel Reinstallere
Manuell gjenoppretting på Get box Mikro (bruk dersom du ikkje får opp menyen når du står på regionval)
- Ta ut straumen
- Set i straumen igjen
- Trykk fleire gongar på tilbakeknappen på fjernkontrollen
- Når det lyser oransje i displayet tastar du 2485 på nummertastane
Get box II
- Trykk OK på fjernkontrollen til boksen
- Velg Innstillinger og Avansert oppsett
- Tast inn PIN1 (som standard 0000 dersom du ikkje har valt kode sjølv enno)
- Vel Reinstallere og bekreft med OK
- Vel JA, fortsett og bekreft med OK
Manuell gjenoppretting på Get box II (bruk dersom du ikkje får opp menyen når du står på regionval)
- Ta ut straumen
- Set i straumen igjen
- Trykk fleire gongar på tilbakeknappen på fjernkontrollen
- Når det står "code" i displayet tastar du 2485 på nummertastane
Merk! Når boksen vert gjenoppretta til fabrikk-innstillingane vil alle innstillingar og favorittlister forsvinne. Opptak vert ikkje berørt!