Tema: Get blir til Telia

Get har blitt til Telia! Alt du tidlegare fann på get.no finn du no på telia.no
Get har blitt til Telia. App-en har same funksjonalitet som før, men er fått nytt design med Telia logo og fargar. Har du aktivert automatisk oppdatering av appar i Google Store/App Store, vil ny Telia-versjon bli lasta ned automatisk. Dersom deaktivert, må du sjølv gå inn i Google Store/App Store og laste ned ny versjon. I nokre tilfelle må du logge deg inn på nytt i tv-appen. Bruk då det gamle brukarnamnet og passordet som du hadde på innlogging av denne.
Så lenge du har valt automatisk oppdatering av appane dine, vil den nye Telia-versjonen bli lasta ned automatisk. Ellers må du sjølv laste ned ny versjon i Google Store/ App Store. Dersom du blir bedt om å logge deg inn på nytt, brukar du berre det gamle brukarnavn og passordet ditt frå Get.
Telia Box (tidlegare kalla Get boX) er den råaste tv- og strøymeboksen på marknaden. Liten og diskré, men rommar all tenkjeleg underhaldning. Det beste frå tradisjonell tv og dei store strøymetenestene.
 
 
Telia Play er det mest fleksible og innhaldsrike underhaldningsuniverset i Noreg. Tenesta gir deg tilgang til dei mest populære TV-kanalane og ei rekkje av dei store strøymetenestene. Telia Play er tilgjengeleg på TV, nett og mobil. Sjå nyheiter, sport, filmar og seriar - det du vil, der du vil, når du vil.
Bærekraft er viktig for både oss og Telia. Difor beheld du den boksen du har i dag. Dersom du har den aller nyaste tv-boksen (Get boX/Telia Box) vil du få ei programvareoppdatering der det blir små endringar på utsjånaden. Det ver ingen endring i navigeringa som du kjenner i dag. Gult blir bytta med lilla:)
Du beheld tv-poenga dine akkurat som før og kan fortsatt velje frå øvste hylle av spennande kanalar og strøymetenester. Om du ønskjer enda fleire poeng enn du har i tv-pakken din frå før kan du ta kontakt med Tussa kundesenter så hjelper vi deg. Vi tilbyr tv-pakkar med 50 (standard), 60, 70 eller 110 poeng.
Dersom du har den aller nyaste digital-boksen Get boX vil du få ei programvareoppdatering som endrar utsjånaden bittelitt (gulfargen vert erstatta med lilla). Menyar og navigering vert ikkje endra.
 
Dersom du har ein av dei eldre boksane (Mikro, PVR, HDI eller Get Box II) vil utsjånaden ikkje endre seg. Men du treng ikkje uroe det, du er fortsatt ein del av Telia familien.
Det stemmer, Get har blitt til Telia! Du vil merke at nettsider og appar er oppdatert med Telia logo og fargar. Ellers fungerer alt som før - du beheld produkta dine og treng ikkje gjere noko endringar i høve verken avtale eller faktura.
Den nye TV-boksen din er smart, smooth og har alle dei siste funksjonane. Det einaste som ikkje er heilt oppgradert, er logoen. (Ikkje bry deg om at det står GET på alt, vi tok ein for miljøet, men lover deg at heile pakka er top-notch!) 
 
 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
Telefon
Kundeservice: 70 04 63 00
 
 
 
 

Opningstider kundeservice:

Straum
Måndag–fredag kl. 09.00–16.00
 
Breiband, TV & Telefoni
Måndag–fredag kl. 08.00–17.00
Laurdag kl. 12.00-15.00
 

Besøksadresse kundesenteret:

Langemyra 6, 6160 Hovdebygda