Tema: Feil

Dersom det oppstår feil, prøv med ein omstart av dekodar ved å bruke brytaren bak på dekodaren. Nokre av Get-boksane har ikkje brytar, ta då ut straumforsyninga og sett den inn at. 
 
Sjå over at kablane er kopla skikkeleg. Dersom dette ikkje er hjelp i, kan du gjenopprette boksen til fabrikkinstillingar. Les meir om korleis du gjer dette i spørsmål "Korleis kan eg gjenopprette til fabrikkinnstillingar på boksen min." 
 
Om dette ikkje er til hjelp – ta kontakt med Kundesenteret på tlf. 70 04 63 00 (innval 2).
Get box Mikro
  • Trykk Exit på fjernkontrollen til boksen
  • Velg Innstillinger og Avansert oppsett
  • Tast inn PIN1 (som standard 0000 dersom du ikkje har valt kode sjølv enno)
  • Vel Reinstallere
 
Manuell gjenoppretting på Get box Mikro (bruk dersom du ikkje får opp menyen når du står på regionval)
  • Ta ut straumen
  • Set i straumen igjen
  • Trykk fleire gongar på tilbakeknappen på fjernkontrollen
  • Når det lyser oransje i displayet tastar du 2485 på nummertastane
 
Get box II
  • Trykk OK på fjernkontrollen til boksen
  • Velg Innstillinger og Avansert oppsett
  • Tast inn PIN1 (som standard 0000 dersom du ikkje har valt kode sjølv enno)
  • Vel Reinstallere og bekreft med OK
  • Vel JA, fortsett og bekreft med OK
 
Manuell gjenoppretting på Get box II (bruk dersom du ikkje får opp menyen når du står på regionval)
  • Ta ut straumen
  • Set i straumen igjen
  • Trykk fleire gongar på tilbakeknappen på fjernkontrollen
  • Når det står "code" i displayet tastar du 2485 på nummertastane
 
Merk! Når boksen vert gjenoppretta til fabrikk-innstillingane vil alle innstillingar og favorittlister forsvinne. Opptak vert ikkje berørt!
Har du følgjande problem:
  • Du manglar ein eller fleire kanalar som du har abonnement på eller har valt inn i startpakken din
  • Det står at du ikkje har tilgang til ein kanal på tv-skjermen
  • Det står at du vennleg skal vente litt
  • Det er hengelås-ikon på skjermen
 
Løysing:
Få automatisk oppdatering på boksen din ved å sende ein SMS med kodeord TV [SIM-kortnummer] til 02123.
(Døme på melding sendt til 02123 vil vere: TV 000008632309).
 
SIM-kortnummeret finn du på SIM-kortet i Get-boksen din.
 
Dersom du har abonnement på kanalen/kanalane, eller du har valt inn kanalen/kanalane eller tenesta i startpakken din, vil du motta oppdatering i løpet av nokre minutt. 
 
Fortsatt problem?
  • Logg deg inn på Di side og sjekk at du har valgt inn kanalane og tenesta i startpakken din
  • Dersom du fortsatt manglar kanalar kan du prøve å gjennopprette boksen til fabrikkinnstilling
Mest sansynleg er det fibermodemet som jobbar med å starte igjen. Du må gi han nokre minutt til å laste ned ev. nye oppdateringar.
 
Det kan ta om lag 10 - 15 minutt før alt verkar igjen. Sjekk etter ei stund at digital-tv-boksen din er på.
 
Ikkje ta straumen på verken fibermodemet eller dekodaren, då vil det ta lenger tid.
 
 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
Telefon
Kundeservice: 70 04 63 00
 
 
 
 

Opningstider kundeservice:

Straum
Måndag–fredag kl. 08.00–16.00
 
Breiband, TV & Telefoni
Måndag–fredag kl. 08.00–19.00
Laurdag kl. 12.00-15.00
 

Besøksadresse kundesenteret:

Langemyra 6, 6160 Hovdebygda