Digital-TV

 
Nei, det treng du ikkje. Du kan nytte Telia Play (tv-app og nett-tv) på PC/MAC, mobil og nettbrett. Den har også støtte for Apple TV4 og Chromecast.
 
Du må anten ha ein tv-boks, eller du kan bestille digital-tv utan boks hos oss. Ta kontakt med Tussa kundesenter for å få vite meir om korleis digtial-tv utan boks fungerer.
Du treng ikkje tv-boks til alle tv-ane i huset for å sjå digital-tv. I mange tilfeller held det med berre ei boks.
 
Har du til dømes Apple TV 4 kan du laste ned Telia Play-appen og sjå alt av abonnement, kanalar og tenester du har på Apple-boksen. Har du ei eldre Apple-boks kan du nytte AirPlay til å sende innhald frå Telia Play-appen på nettbrett og mobil til tv-en din.
 
Har du smart-tv kan du laste ned Telia Play-appen til tv-en din.
 
Telia Play har støtte for både AirPlay og Chromecast.
HDTV er neste generasjon TV. Med HDTV får vi langt betre oppløysing og kvalitet på både lyd og bilete, samt ei heilt ny TV-oppleving. For å kunne sjå TV i HD-kvalitet treng du ein HD-klar TV, og ein digital dekodar som støttar HDTV.
Med digital-tv frå Telia får du:
  • Stort utval av kanalar og strøymetenester som Viaplay, C More, HBO Nordic, Cirkus, Curio og Paramount+ i Start. Vel det DU vil ha av kanalar og strøymetenester i valmenyen for TV i Tussa sin kundeapp eller på Tussa Di side
  • Telia Play; Tilgang til alt innhaldet i tv-pakken din på PC, Apple TV4, smart-tv, nettbrett og mobil
  • 20 norske radiokanalar, over 40 musikkradiokanalar
  • Musikk-app; Ta med deg musikken når du er på farten
  • Filmleige og strøymetenester med tusenvis av filmar og seriar i alle sjangrar
  • TV-boks med pause, spole og tv-opptak/skylagring, Start forfra og Reprise (tv-arkiv)
  • Med den aller nyaste boksen 'Telia box' får du den til no råaste tv- og strøymeboksen på marknaden. Telia Box byr på stemmestyrt fjernkontroll, innebygd Chromecast og den beste bildekvaliteten med 4K. Med denne boksen har du også tilgang til tusevis av appar. NRK-appen og Netflix-appen ligg allereie klar på boksen. I tillegg får du sjølvsagt alle dei funksjonane som er nemnde i punkta over
Du treng ikkje kjøpe ny TV eller skaffe deg spesielle apparat for å nytte deg av dei digitale tenestene våre. Det einaste kravet for å nytte ein digital tv-boks er at TV-en din har ein HDMI-inngang.
 
 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
Telefon
Kundeservice: 70 04 63 00
 
 
 
 

Opningstider kundeservice:

Straum
Måndag–fredag kl. 09.00–16.00
 
Breiband, TV & Telefoni
Måndag–fredag kl. 08.00–17.00
Laurdag kl. 12.00-15.00
 

Besøksadresse kundesenteret:

Langemyra 6, 6160 Hovdebygda