Tussa Kundeweb - Di side
Slik loggar du inn på Tussa Kundeweb (Di side):
Logg inn med Facebook-, Google- eller Microsoft-kontoen din!
Dersom du har ein brukarkonto hos Facebook, Google eller Microsoft kan du bruke den til å logge inn. Første gong du loggar inn treng du kundenummeret og PIN-koden du har mottatt i stadfesting/velkomstbrev frå Tussa.
Tussa vil ikkje bruke data frå kontoen din til anna bruk enn å logge inn på Tussa Kundeweb.
Innlogging med brukarnamn og passord
Har du ikkje ein slik konto, eller ikkje ønskjer å bruke han til innlogging kan du logge inn med brukarnamn og passord
Første gong du skal logge deg inn må du opprette ein ny brukar der du registrerer e-postadresse og eit valfritt passord.
For å gjere dette treng du kundenummeret og PIN-koden du har mottatt i stadfesting/velkomstbrev frå Tussa.
Når du klikkar knappen "Registrer brukar" kjem du til denne sida:
Etter registrering vil du motta ein e-post med ein link du skal klikke på for å aktivere brukaren din. Seinare nyttar du e-postadressa og passordet kvar gong du skal logge inn på Di side.
Innlogging til Di side finn du på www.tussa.no i menyen til høgre.
Innlogging til Di side finn du på www.tussa.no i menyen til høgre.
Slik kjem du i gang - Steg for steg:
- Du må opprette ein ny brukar
- Du må aktivere brukaren din ved å klikke på linken i e-posten du får tilsendt
- Du må oppgi e-postadresse og valfritt passord som skal brukast ved innlogging
Nyttige funksjonar!
- På Di side finn du mellom anna informasjon om straumforbruk, prøveavrekning, fakturainformasjon, produktinformasjon og økonomioversikt, samt tilgang til kundefordelsprogrammet vårt.
- Di side fungerer like bra på PC, nettbrett og mobiltelefon!
Du kan administrere fleire kundeforhold med berre ein brukar og ei innlogging
Døme: Du kan administrere abonnementet til eit familiemedlem som ikkje sjølv har tilgang på internett - Du kan opprette fleire brukarar for kundeforholdet ditt
Døme: Du kan opprette ein brukar (ei innlogging) for ektefellen din, med eige brukarnamn (e-post) og passord. På den måten har begge tilgang til Di side utan å måtte dele brukarnamn og passord.
Desse vala finn du under "Min profil" i brukarmenyen (klikk på kundenamnet):