Tema: Trådlaust internett

Hotspot er Tussa sine trådlause breibandssoner som er plasserte rundt om i sentrumsområde og på ferjekaier, småbåthamner, kjøpesenter osb. Oversikt over desse finn du på: http://www.tussa.no/default.aspx?menu=433&id=476
For å ta i bruk Tussa Breibandssone må ein ha eit brukarnamn og passord. Internettkundar hos oss får tildelt dette utan ekstra kostnad. Andre kan kjøpe konto via SMS. Send kodeord ”bbsone” til nummer 2077. ”bbsone 30” gir deg tilgang til internett i 30 minutt, ”bbsone 60” gir deg tilgang i ein time, medan ”bbsone” gir deg tilgang i 12 timar. Prisane på dette er høvesvis 30, 50 og 100 kroner. Brukarnamn vert då telefonnummeret ditt og passord vert sendt i ein sms.
Det er ofte avgjerande for trådlausdekninga i huset ditt kvar fibermodemet er plassert. Om fibermodemet ikkje er optimalt plassert kan du bestille flytting av det.
Du kan også vurdere om aksesspunkt eller mesh-nettverk kan vere ei betre løysing. Slikt utstyr kan kjøpast i el-butikkar, på nettet, eller hos oss. Ta gjerne kontakt med oss så kan vi i felleskap finne ei god løysing for deg!
Den trådlause tilkoplinga vår vil i dei aller fleste tilfelle fungere bra, utan utfall og ustabilitet. Det er likevel ein del faktorar som kan påverke det trådlause nettverket ditt.
Her kan du lese meir om kva som påverkar det trådlause nettet, og ev. kva du kan gjere!
Desse tinga kan få nettet ditt til å gå treigt:
  • PC-ar med gamle nettverkskort som er kopla til det trådlause nettet ditt
  • Breibandskrevjande tenester (t.d. Netflix og nedlastingar) som vert køyrt over det trådlause nettet
  • Mange PC-ar, nettbrett, spelkonsollar og mobiltelefonar på trådlausnettet
Her kan du lese meir om kva du kan gjere for å løyse problemet:
 
 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
Telefon
Kundeservice: 70 04 63 00
 
 
 
 

Opningstider kundeservice:

Straum
Måndag–fredag kl. 09.00–16.00
 
Breiband, TV & Telefoni
Måndag–fredag kl. 08.00–17.00
Laurdag kl. 12.00-15.00
 

Besøksadresse kundesenteret:

Langemyra 6, 6160 Hovdebygda