Tema: Installering/oppsett
Kan eg kople fleire PC-ar til internett, og korleis gjer eg det?
Ja, du kan kople til så mange PC-ar du vil, men dette krev at du har ein switch/hub/router (omfordelar) som du kan kople til. Om du er usikker på dette eller kva du eventuelt skal kjøpe, ta gjerne kontakt.
Treng eg spesiell programvare for breibands-oppkopling?
Du treng ingen eigen programvare for Tussa breiband, då all nødvendig programvare er standard i alle operativsystem.
Kan eg bruke vanleg telefonleidning mellom PC-en (nettverkskortet) og modemet?
Nei, du må nytte ein såkalla TP-kabel (nettverkskabel), som er heilt forskjellig frå vanleg telefonkabel.
Er det vanskeleg å setje opp "breibandspakken"?
Nei, det følgjer med ei lettfatteleg bruksrettleiing i pakken.
Er det mogeleg å få fleire ip-adresser og/eller fast ip-adresse?
Ja, det er mogeleg å få fleire ip-adresser og fast ip-adresse. Det vil kome til ei ekstra avgift for administrering av ip-adresser.
Må eg ha eige nettverkskort eller følgjer det med i pakken?
Du må sjølv skaffe og få installert nettverkskort (Ethernett-kort) dersom det ikkje allereie er eit slikt kort i PC-en din. Dei fleste nyare PC-ar har slikt nettverkskort.
Følgjer det med antivirus eller brannmur i abonnementet?
Det følgjer ikkje med antivirus-program eller brannmur i abonnementet. Tussa tilrår at du skaffar deg dette.
Men som ein del av abonnementet ditt, scannar vi all inngåande- og utgåande e-post. På alle breibandsmodem er det innebygt ein enkel brannmur.
Kvifor viser ikkje sidene for breibandssjekken?
- Les om HTTPS-kryptering (nettvett.no)
- Les om usikkert innhald på nettsider (support.commfides.com)