Tema: E-post

Vi har fått melding om at mange av kundane våre har motteke e-post der det ser ut som om Tussa ber om å få oppgitt brukarnamn og passord til e-postkontoen, og at viss ikkje dette blir gjort vil kontoen bli stengt. Desse e-postane er skrivne med engelsk eller norsk tekst - ofte med skrivefeil og dårleg grammatikk.

Dette er eit svindelforsøk (engelsk: phishing), og kundar som får slike e-postar bør snarast slette e-posten utan å svare på han. Dersom du svarar på ein slik e-post og oppgir brukarnamn og passord, kan uvedkomande få tilgang til den private e-posten din og dei kan vidare sende ut e-post til andre frå di adresse. Dersom du allereie har svart på ein slik e-post må du snarast ringe Tussa Kundesenter på telefon 70 04 63 00.

Tussa vil ALDRI kontakte kundane våre og be dei om å oppgi kundeopplysningar eller brukarnamn/passord, verken på e-post eller på andre måtar. Dersom du får ein slik førespurnad kan du gå ut frå at det er eit svindelforsøk og dermed avvise førespurnaden.

Generelt oppmodar vi kundane våre til å vere varsame med å svare på e-postar der det ikkje er heilt sikkert at avsendaren er rett. Ver merksam på at det ofte kan sjå ut som om e-postadressa er rett men at det likevel er ei forfalska adresse. Det foregår stadige svindelforsøk og ofte vil det å svare på ein e-post til ein ukjent mottakar kunne føre til at du seinare får svært mykje søppelpost (engelsk: spam).

Her kan du lese meir om kva "phishing" er: http://no.wikipedia.org/wiki/Phishing

Passordet til e-posten er å finne i skrivet som de fekk når de tinga abonnement hos Tussa.
 
Dersom du ikkje finn att passordet ditt kan du gjere følgjande:
  • Har du Tussafiber kan du ringe til Tussa kundesenter for å få vite passordet ditt, eller om du ønskjer å endre passord.
  • Har du eit xDSL-abonnement er det mogleg å finne passordet til e-posten på ”Di Side Breiband”. Der må ein logge seg inn med ordrenummer og fødselsdato. Klikk deg vidare inn på ”E-post” og det vil vere mogleg å finne passordet der.

Tussa kundesenter tlf. 70 04 63 00

Oppsett av e-post til iPhone og Android telefonar og ymse e-postklientar er å finne på denne linken:
 E-post oppsett

Inntil 5 e-postadresser

Korleis kan eg opprette fleire e-postadresser?

Ein kan i utgangspunktet opprette fleire e-postadresser på ”Di Side Breiband”, men dersom ein ikkje ligg inne med ekstra e-postadresser i datasystemet vårt, vil det ikkje vere mogleg å gjere det der. Då må ein ta kontakt med Kundesenteret på tlf 70 04 63 00 innval 2.

 
 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
Telefon
Kundeservice: 70 04 63 00
 
 
 
 

Opningstider kundeservice:

Straum
Måndag–fredag kl. 08.00–16.00
 
Breiband, TV & Telefoni
Måndag–fredag kl. 08.00–19.00
 

Besøksadresser kundesenteret:

Straum
Industrivegen 6, 6080 Gurskøy
Sjå køyrerute
 
Breiband, TV & Telefoni
Langemyra 6, 6150  Ørsta