Tema: Bestilling

Prisane startar på 220 kroner per månad. I denne prisen får du med ein trådlaus ruter.

Normal installasjon med montør kostar 995 kroner. Gjer-det-sjølv installasjonspakke er gratis (for kundar i enkelte område vil prisen vere 985 kroner. Desse områda vil til ei kvar tid vere oppdatert på nettet når du går inn og bestiller aktuelt produkt. For dei som ikkje har fast telefon frå før, gjeld andre installasjonsprisar).

For å sjekke om du kan få breiband frå Tussa kan du søkje på telefonnummeret ditt på http://www.tussa.no - der vil du få informasjon om du kan få breiband i dag. For meir informasjon, ta gjerne kontakt med kundesenteret vårt. Ver merksam på at xDSL-produkta våre i utgangspunktet berre kan leverast dersom ein bur nærare enn 5-6 km i kabellengd frå sentral. Om du er usikker, ta kontakt med kundesenteret vårt.

Breibandspakken frå Tussa inneheld trådlaust modem, splitter som kan brukast dersom ein har ip-telefon og kablar ein treng for å kople seg til. Alle kablane er klare, så ein treng berre følgje dei vedlagde instruksjonane og plugge i kablane.

Du får ei stabil linje mot internett, med jamt høge hastigheiter (låg grad av overbooking), og du har fri bruk heile døgnet. Vidare "vaskar" Tussa e-postadressa di for virus. Elles har trådlaust-modemet innebygd brannmur (enkelt IP-filter), og du får fem e-postadresser på forma fornamn.etternamn@tussa.com.

Du treng ein PC med nettverkskort (Ethernett, RJ45-plugg). Dei fleste nyare PC-ar har eit nettverkskort. Elles får du alt du treng frå Tussa! Om du er usikker på om PC-en din har nettverkskort, ta gjerne kontakt.

Med breiband frå Tussa er det eitt år bindingstid.

Du treng ingen eigen programvare for Tussa breiband, då all nødvendig programvare er standard i alle operativsystem.

Ja, du kan få breiband sjølv om du ikkje har fasttelefon. Det kjem eit tillegg til abonnementsprisen (60 kroner ekstra pr. månad) dersom det er levert over xDSL.

Nei, det følgjer med ei lettfatteleg bruksrettleiing i pakken.

Du må sjølv skaffe og få installert nettverkskort (Ethernett-kort) dersom det ikkje allereie er eit slikt kort i PC-en din. Dei fleste nyare PC-ar har slikt nettverkskort.

Det følgjer ikkje med antivirus-program eller brannmur i abonnementet. Tussa tilrår at du skaffar deg dette.
Men som ein del av abonnementet ditt, scannar vi all inngåande- og utgåande e-post. På alle breibandsmodem er det innebygt ein enkel brannmur.

Ja, du kan laste ned Operatørbyteskjemaet som pdf-skjema på http://www.tussa.no/fum. Skjemaet kan du fylle ut på skjermen og så skrive det ut, eller du kan skrive det ut blankt og så fylle ut for hand. Hugs at:
- alle felt må fyllast ut (hugs sambandsnummer!)
- du må signere skjemaet før du sender det til oss

Sjekk modemet kva det heiter. Dersom det er eit Thomson-modem må du byte modem dersom du ønskjer full effekt av endringa på internett-hastigheitene. (Gjeld ingen andre modem enn Thomson). Du kan byte allereie i dag dersom du ønskjer det. Ta kontakt med Tussa Kundesenter på e-post: kundesenter@tussa.no
 
Har du modem av anna type, eller heimesentral med innebygd modem, treng du ikkje å byte det. Du får full effekt av endringa på internett-hastigheitene.
 
 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
Telefon
Kundeservice: 70 04 63 00
 
 
 
 

Opningstider kundeservice:

Straum
Måndag–fredag kl. 08.00–16.00
 
Breiband, TV & Telefoni
Måndag–fredag kl. 08.00–19.00
 

Besøksadresser kundesenteret:

Straum
Industrivegen 6, 6080 Gurskøy
Sjå køyrerute
 
Breiband, TV & Telefoni
Langemyra 6, 6150  Ørsta