Breiband

 
Du får ei stabil linje mot internett, med jamt høge hastigheiter (låg grad av overbooking), og du har fri bruk heile døgnet. Vidare "vaskar" Tussa e-postadressa di for virus. Elles har trådlaust-modemet innebygd brannmur (enkelt IP-filter), og du får fem e-postadresser på forma fornamn.etternamn@tussa.com.

Kontakt kundesenteret på tlf 70 04 63 00
For å ta i bruk Tussa Breibandssone må ein ha eit brukarnamn og passord. Internettkundar hos oss får tildelt dette utan ekstra kostnad. Andre kan kjøpe konto via SMS. Send kodeord ”bbsone” til nummer 2077. ”bbsone 30” gir deg tilgang til internett i 30 minutt, ”bbsone 60” gir deg tilgang i ein time, medan ”bbsone” gir deg tilgang i 12 timar. Prisane på dette er høvesvis 30, 50 og 100 kroner. Brukarnamn vert då telefonnummeret ditt og passord vert sendt i ein sms.
Inntil 5 e-postadresser.
Oppsett av e-post til iPhone og Android telefonar og ymse e-postklientar er å finne på denne linken:
 E-post oppsett
Passordet til e-posten er å finne i skrivet som de fekk når de tinga abonnement hos Tussa.
 
Dersom du ikkje finn att passordet ditt kan du ringe kundesenter på tlf. 70 04 63 00
Gjer-det-sjølv installasjonspakke for xdsl kostar 2990 kroner. For dei som ikkje har fasttelefon frå før kjem eit tillegg. Montør kostar 995 kroner.
Prisane startar på 379 kroner per månad (dsl-abonnement). I denne prisen får du med ein trådlaus ruter.

For å sjekke om du kan få breiband frå Tussa kan kontakte kundesenteret vårt på telefon 70 04 63 00.
Dersom det oppstår feil, prøv med ein omstart av modemet ved å bruke brytaren bak på modemet eller dra ut stikkontakten. Sjå over at kablane er kopla skikkeleg.
 
Dersom dette ikkje er hjelp i kan du prøve å ta ein reset av modemet ved å bruke ein skarp gjenstand i reset-knappen på venstre side til du høyrer eit klikk (om lag 10 sekund). Om dette ikkje er til hjelp, kontakt Kundesenteret på tlf 70 04 63 00 (innval 2).

 

AirTies-einheitene kan samle inn bruksdata til AirTies sine eigne serverar. Denne funksjonen er slått av som standard for norske brukarar, men kan vere slått på av kunden sjølv via AirTies-appen.
Du må sjølv skaffe og få installert nettverkskort (Ethernett-kort) dersom det ikkje allereie er eit slikt kort i PC-en din. Dei fleste nyare PC-ar har slikt nettverkskort.

Breiband frå Tussa har ei normal leveringstid på tre til seks veker. Ta kontakt med kundesenteret for nærare informasjon.

For breibandsprodukta våre gjeld eitt års bindingstid frå leveringstidspunktet. Deretter gjeld ein månads oppseiingsperiode.
Du treng ingen eigen programvare for Tussa breiband, då all nødvendig programvare er standard i alle operativsystem.

Du treng ein PC med nettverkskort (Ethernett, RJ45-plugg). Dei fleste nyare PC-ar har eit nettverkskort. Elles får du alt du treng frå Tussa! Om du er usikker på om PC-en din har nettverkskort, ta gjerne kontakt.

Breibandspakken frå Tussa inneheld trådlaust modem, splitter som kan brukast dersom ein har ip-telefon og kablar ein treng for å kople seg til. Alle kablane er klare, så ein treng berre følgje dei vedlagde instruksjonane og plugge i kablane.

Ja, du kan få breiband sjølv om du ikkje har fasttelefon. Det kjem eit tillegg til abonnementsprisen (60 kroner ekstra pr. månad) dersom det er levert over xDSL.

Med breiband frå Tussa er det eitt år bindingstid.
Det følgjer ikkje med antivirus-program eller brannmur i abonnementet. Tussa tilrår at du skaffar deg dette.
Men som ein del av abonnementet ditt, scannar vi all inngåande- og utgåande e-post. På alle breibandsmodem er det innebygt ein enkel brannmur.

Nei, det følgjer med ei lettfatteleg bruksrettleiing i pakken.

Ja, du kan laste ned Operatørbyteskjemaet som pdf-skjema på http://www.tussa.no/fum. Skjemaet kan du fylle ut på skjermen og så skrive det ut, eller du kan skrive det ut blankt og så fylle ut for hand. Hugs at:
- alle felt må fyllast ut (hugs sambandsnummer!)
- du må signere skjemaet før du sender det til oss

Ja, det er mogeleg å få fleire ip-adresser og fast ip-adresse. Det vil kome til ei ekstra avgift for administrering av ip-adresser.
Ja, du kan kople til så mange PC-ar du vil, men dette krev at du har ein switch/hub/router (omfordelar) som du kan kople til. Om du er usikker på dette eller kva du eventuelt skal kjøpe, ta gjerne kontakt.

Nei, du må nytte ein såkalla TP-kabel (nettverkskabel), som er heilt forskjellig frå vanleg telefonkabel.

Vi har fått melding om at mange av kundane våre har motteke e-post der det ser ut som om Tussa ber om å få oppgitt brukarnamn og passord til e-postkontoen, og at viss ikkje dette blir gjort vil kontoen bli stengt. Desse e-postane er skrivne med engelsk eller norsk tekst - ofte med skrivefeil og dårleg grammatikk.

Dette er eit svindelforsøk (engelsk: phishing), og kundar som får slike e-postar bør snarast slette e-posten utan å svare på han. Dersom du svarar på ein slik e-post og oppgir brukarnamn og passord, kan uvedkomande få tilgang til den private e-posten din og dei kan vidare sende ut e-post til andre frå di adresse. Dersom du allereie har svart på ein slik e-post må du snarast ringe Tussa Kundesenter på telefon 70 04 63 00.

Tussa vil ALDRI kontakte kundane våre og be dei om å oppgi kundeopplysningar eller brukarnamn/passord, verken på e-post eller på andre måtar. Dersom du får ein slik førespurnad kan du gå ut frå at det er eit svindelforsøk og dermed avvise førespurnaden.

Generelt oppmodar vi kundane våre til å vere varsame med å svare på e-postar der det ikkje er heilt sikkert at avsendaren er rett. Ver merksam på at det ofte kan sjå ut som om e-postadressa er rett men at det likevel er ei forfalska adresse. Det foregår stadige svindelforsøk og ofte vil det å svare på ein e-post til ein ukjent mottakar kunne føre til at du seinare får svært mykje søppelpost (engelsk: spam).

Her kan du lese meir om kva "phishing" er: http://no.wikipedia.org/wiki/Phishing

Hotspot er Tussa sine trådlause breibandssoner som er plasserte rundt om i sentrumsområde og på ferjekaier, småbåthamner, kjøpesenter osb. Oversikt over desse finn du på: http://www.tussa.no/default.aspx?menu=433&id=476
Det er ofte avgjerande for trådlausdekninga i huset ditt kvar fibermodemet er plassert. Om fibermodemet ikkje er optimalt plassert kan du bestille flytting av det.
Du kan også vurdere om aksesspunkt eller mesh-nettverk kan vere ei betre løysing. Slikt utstyr kan kjøpast i el-butikkar, på nettet, eller hos oss. Ta gjerne kontakt med oss så kan vi i felleskap finne ei god løysing for deg!
Den trådlause tilkoplinga vår vil i dei aller fleste tilfelle fungere bra, utan utfall og ustabilitet. Det er likevel ein del faktorar som kan påverke det trådlause nettverket ditt.
Her kan du lese meir om kva som påverkar det trådlause nettet, og ev. kva du kan gjere!
Desse tinga kan få nettet ditt til å gå treigt:
  • PC-ar med gamle nettverkskort som er kopla til det trådlause nettet ditt
  • Breibandskrevjande tenester (t.d. Netflix og nedlastingar) som vert køyrt over det trådlause nettet
  • Mange PC-ar, nettbrett, spelkonsollar og mobiltelefonar på trådlausnettet
Her kan du lese meir om kva du kan gjere for å løyse problemet:
 
 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
Telefon
Kundeservice: 70 04 63 00
 
 
 
 

Opningstider kundeservice:

Straum
Måndag–fredag kl. 09.00–15.30
 
Breiband, TV & Telefoni
Måndag–fredag kl. 08.00–19.00
Laurdag kl. 12.00-15.00
 

Besøksadresse kundesenteret:

Langemyra 6, 6160 Hovdebygda