Brukarrettleiingar
På denne sida finn du brukarrettleiingar for oppsett av fibermodem, TV-boks og Premium Wifi.
Velg område
Velg produkt
Oppsett av e-post i Outlook (PC)
Legg til ny konto
Følg desse stega for å setje opp e-post frå Tussa i Outlook på din PC. Oppsett og ordlyd kan variere mellom ulike versjonar av Outlook. Dersom stega ikkje passar for deg, kontakt kundesenteret på telefon 70 04 63 00, så hjelper vi deg.
- Opne Outlook-programmet på PC-en din. Trykk på "Fil" i øvre venstre hjørne, og trykk deretter på "Legg til konto". Skriv inn e-postadressa di i tekstfeltet som dukkar opp.
- Klikk på "Avanserte alternativer" og huk deretter av på "La meg konfigurere kontoen manuelt".
- Klikk på "Koble til" og vent til neste vindauge.
- Du får no opp eit vindauge for avansert oppsett. Klikk på "IMAP".
- Skriv inn passordet du har fått frå oss.
Om du ikkje har fått eit passord frå oss, kontakt kundesenteret på telefon 70 04 63 00. - Trykk "Koble til".
-
Dersom Outlook ikkje er installert på din PC, kan du setje opp e-postkontoen din i eit anna program. Oppsettet kan då avvike frå denne rettleiinga.
Fyll ut kontoinnstillingar
Denne sida er ofte fylt ut på førehand, men kontroller at informasjonen er korrekt.
- Innstillingar for innkomande e-post skal vere:
- Server:imap.tussa.com
- Port: 993
- Krypteringsmetode: SSL/TLS
- "Krever pålogging med sikker godkjenning av passord" skal vere aktivert.
- Innstillingar for utgåande e-post skal vere:
- Server: smtp.tussa.com
- Port: 587
- Krypteringsmetode: STARTTLS
- "Krever pålogging med sikker godkjenning av passord" skal vere aktivert.
- Trykk på "Neste".
- Skriv inn passordet ditt og trykk "Neste".
Fullfør oppsettet
Outlook koplar seg no til e-postkontoen din. Dette kan ta nokre minutt.
Når konfigurasjonen er fullført kan du lese og sende e-post i Outlook.
-
- I løpet av oppsettet kan du få opp feilmeldinga "Kan ikke koble til med SSL". Du får då spørsmål om å konfigurere denne kontoen utan SSL. Svar ja på dette spørsmålet.
- Dersom du får opp feilmeldinga "IMAP-tjeneren svarer ikke", bør du kontrollere at telefonen er kopla til internett, og at du har skrive inn rett informasjon i feltet "Innkomande e-posttenar".
- Dersom du får opp feilmeldinga "Passord ikke oppgitt", bør du kontrollere at du har skrive inn rett passord. Du skal ha motteke eit passord frå oss. Dersom du ikkje har fått dette, ta kontakt med kundesenteret.
- Dersom du framleis ikkje får tilgang, kontakt kundesenteret på telefon 70 04 63 00.