Kva leitar du etter?

Brukarrettleiingar

På denne sida finn du brukarrettleiingar for oppsett av fibermodem, TV-boks og Premium Wifi.

Velg produkt

Icotera i4882

Kople til trådlaust nettverk

A. Opne oversikta over trådlause nettverk på PC-en din for å kople deg til det trådlause nettverket ditt. Passordet til det trådlause nettverket finn du på lappen
på baksida av ruteren, i feltet “Password”.

B. Skriv inn nettverkspassordet når du blir spurt om å oppgi nettverksnøkkel under tilkoplinga til det trådlause nettverket.

ALLE einingar som skal nytte det trådlause nettverket ditt må nytte dette passordet.

Du kan no gå vidare til steg 3.

    • Plassering “midt i smørauget”
      Plasser ruteren sentralt i bustaden i forhold til der du brukar trådlaust nettverk.
    • Unngå hinder
      Veggar og golv av betong, gips og varmeelement elskar å hindre signal.
    • Smart plassering
      Ekstra aksesspunkt eller trådlaus forsterkar bør plasserast så høgt på veggen som mogleg!
    • Pass på avstanden
      Ikkje ha for lang avstand mellom ruter og der du skal nytte trådlaust nettverk.
    • Andre kan forstyrre signalet ditt
      Forstyrringar frå naboar og elektronikk som babycall, mikrobølgeomn, bluetooth m.m. kan gi ustabilitet.
    • Byt ut gamlingen, eller bruk nettverkskabel
      Gamle trådlause einingar trekkjer ned hastigheita til andre einingar i det trådlause nettet fordi nettet tilpassar seg den svakaste eininga. Du bør vurdere å byte ut trådlause einingar som er eldre enn 3 år. Eller du kan slå av trådlaust og nytte ein nettverkskabel på den gamle eininga i staden.