Kva leitar du etter?

Brukarrettleiingar

På denne sida finn du brukarrettleiingar for oppsett av fibermodem, TV-boks og Premium Wifi.

Zyxel WX3401

Kople til fleire forsterkarar

Kople forsterkar nummer to til den første med ein ny nettverkskabel. Vent nokre minutt til dei to øvste lysa lyser konstant grønt.

Du kan no kople frå forsterkar nummer to, og plassere den ein stad i huset der du ønskjer å utvide dekninga.

Hugs at forsterkaren må ha god dekning til hovudboksa.

Dersom du har fleire forsterkarar kan du konfigurere desse på same måten (gjenta dette punktet). Kople forsterkaren i hovudboksa for å konfigurere den, før du plasserer den ut i bustaden.