Brukarrettleiingar
På denne sida finn du brukarrettleiingar for oppsett av fibermodem, TV-boks og Premium Wifi.
Velg område
Icotera i3560
Kom i gang
WiFi-løysinga inneheld opptil tre boksar(aksesspunkt) som du plasserer i bustaden. Du kan supplere med fleire boksar ved behov. Boksane kommuniserer trådlaust med kvarandre og utgjer eit mesh-nettverk, noko som gir deg god dekning og stabil fart. Boksane kan hengast på veggen eller du kan ha dei ståande.
I eska ligg Icotera WIFI-boks, nettverkskabel og straumadapter.
-

A. Den første forsterkaren plasserer du i same rom og med litt avstand til ruteren. Kople til straum og slå den på, ruteren og forsterkaren koplar seg saman trådlaust.
Merk! Trådlaust virker berre om du har Icotera-ruter. Ved andre rutere bruker du nettverkskabelen mellom eksisterande ruter og den første forsterkarboksen. Gul port på ruter til ein av dei gule portane på forsterkerenB. Når lampa lyser kvitt, er boksen klar til å kople seg opp mot ruteren i mesh.
C. Trykk på WPS-knappen på baksida av Icotera-ruter og hold knappen inne i ca 2 sekund. Den nederste lampa på ruteren skal no blinke blått. Trykk på WPS-knappen på baksida av forsterkaren og hald inne i 2 sekund. Lampen på den skal no blinke blått. Om du bruker kabel mot ruter, blir første forsterkeren hovudboksen. Det er alltid mot hovudboksen du skal kople dei andre forsterkarane. Bruk WPS-knappen på same måte.
D. Vent til lampene på begge boksene lyser grønt. Dette kan ta minst 2 minutt.
E. Du kan no flytte forsterkaren og plassere den ein stad i huset der du ønskjer å utvide dekninga. Hugs at forsterkaren må ha god dekning til hovudboksen(Icotera-ruter eller første forsterkarboksen).
F. Gjenta trinn A til E for kvar ekstra forsterkar du vil legge til. Alle skal koplast trådlaust til hovudboksa med WPS-knappen.
-
Dersom du ønskjer kan du endre nettverksnamn (SSID) og passord. Du kan leggje inn det same som det gamle nettverket ditt slik at du ikkje treng å kople til alt utstyr på nytt.
(Spør gjerne kundesenteret vårt dersom du treng hjelp)
Plassering av forsterkarane
Pass på at kvar forsterkar du plasserer i bustaden er innanfor god dekning frå 1. boksa. Forsterkarane bør stå høgt og fritt.
- Sjå etter ei sentral plassering.
Dekningsfeltet rundt kvar forsterkar er som ei kule, og strekk seg i alle retningar. Plassering inntil yttervegg vil gje dekning på utsida av huset. - Unngå å plassere forsterkarane på rekkje.
Ein trekantformasjon som gjer at forsterkarane kan nå kvarandre trådlaust, er det beste. Lyssignala på forsterkarane viser om dei er innanfor rekkjevidde. Raudt lys kan òg bety at forsterkaren står for nær hovudboksa. - Unngå hindringar så langt som råd.
Unngå å plassere forsterkaren bak andre gjenstandar som TV og høgtalarar, då det kan påverke dekninga.
Jobb deg rundt store hindringar som murpeis/pipe og armert baderom. Dersom det er hindringar i tak og golv, som armering, vassboren varme eller varmekablar, kan det vere gunstig å plassere forsterkarane nær ei trapp.
Kople til WiFi
Du har no fått eit nytt trådlaust nettverk med eit eige passord. Nytt nettverksnamn og passord står på etiketten på baksida av hovudboksa. Dette brukar du når du loggar på trådlaust nett.
Fargane på lampen
Grøt lys
Boksen er kopla til internett og fungerer slik den skal. Blinker lampen, held den på å kople seg til internett. Dette kan ta nokre minutter.
Kvit lys
Boksen er klar og venter på å verte kopla opp mot ruteren eller andre boksar i meshnettverket.
Orange lys
Boksen starter opp og vil snart vere klar. Om lampen blinkar held den på med oppdatering av programvare. Vent med å ta ut straumen til lampen har slutta å blinke.
Blått lys er når du koplar til mesh
Blått lys indikerer at boksen er kopla til hovedboksa og at alt fungerer som det skal.
Blinkande lys koplar den seg til hovedboksen. Ved raske blink klarer den ikkje å kople seg til, flytt boksa nærare hovedboksa og trykk igjen på WPS-knappen
Raudt lys
Ved blinkande lys manglar boksen internett. Start på nytt og vent til lyset blir grønt.
Ved raud lys er boksa kopla til internett men signala er for dårleg. Sjekk kablane og start på nytt.