Jobb og karriere

Bli lærling i Tussa

I dag har vi om lag 20 lærlingar i konsernet. Vi tek inn lærlingar ved avdelingane våre i Ørsta, Ulstein og Ålesund.

Å vere lærling betyr at du etter VG1 og VG2 arbeider i ei bedrift. Læretida består av både praktisk arbeid og skulegang. Når læretida er over går du opp til fagprøve, og får fagbrev. 
 

Praksis og teori

Som lærling i Tussa får du opplæring av høg standard og mange utfordringar i læretida. Når læretida er over vil du ha gode praktiske og teoretiske kunnskapar innanfor faget ditt. Du vil få løn i læretida.  
 
 
Vil du vite meir om lærlingordninga i Tussa kan du ta kontakt på tlf. 70 04 62 00 eller sende e-post til firmapost@tussa.no.