Jobb og karriere

Lærling i IKT-servicefag

Tussa tek inn lærling i IKT-servicefag i Ørsta og Ålesund.

Tussa IKT er ei populær lærlingbedrift og mange søkjer om lærlingplass kvart år. Den som får plass blir raskt integrert i arbeidsmiljøet og samarbeider med medarbeidarane våre som har spesialkompetanse innan IT og kommunikasjon. Undervegs i læretida blir lærlingane tett følgt opp av fagleg rettleiar og lærlingansvarleg i Tussa.
 
Tussa har lang erfaring med å ta i mot IKT-læringar både ved avdelinga i Ålesund og Ørsta. Vi ser på det som ein del av samfunnsansvaret vårt å bidra til utdanninga av neste generasjon IT-konsulentar.
 
Vil du vite meir om lærlingordninga i Tussa kan du ta kontakt på tlf. 70 04 62 00 eller sende e-post til firmapost@tussa.no.