Jobb og karriere

Lærling i elektrikarfag

Tussa Installasjon er i dag ei av dei største lærlingbedriftene i fylket på elektro. I dag har vi om lag 20 lærlingar, fordelt på avdelingane i Ørsta og Ulsteinvik.

Tussa Installasjon er ei populær lærebedrift og mange søkjer om lærlingplass her kvart år. Dei som får plass blir raskt integrert i arbeidsmiljøet. Undervegs i læretida vert dei tett følgt opp av fagleg leiar, lærlingansvarleg og montørar/basar rundt på dei ulike prosjekta. Varierte dagar og oppgåver kjenneteiknar læretida i Tussa Installasjon.

Lang erfaring med å ta i mot lærlingar
Tussa har lang erfaring med å ta i mot lærlingar, og ser på det både som eit samfunnsansvar og som ei moglegheit til å tilføre nye krefter til bedrifta. Læretida er ein viktig del av utdanningsløpet, og det må vi vere med å støtte opp om. Med lærlingane følgjer også oppdatering i læreplanar og utvikling i faget, noko vi haustar god nytte av.
 
I Tussa er det godt etablerte rutinar for korleis lærlingane vert følgt opp. Trivsel, sikkerheit og medverknad på arbeidsplassen er viktig.
 
Vegen vidare
Ved endt læretid og avlagt fagprøve såt rden nye elektrikaren fritt til å velje vegen vidare. Tussa Installasjon opplever ofte at fleire ønskjer arbeid vidare. Mange av dei som utmerkjer seg positivt har fått tilbod om fast jobb. I dag jobbar det montørar, basar og prosjektleiarar i Tussa som starta som lærlingar. Nokre har også etterutdanna seg i bedrifta med spesialkompetanse etter behov og interesse.
 
Vil du vite meir om lærlingordninga i Tussa kan du ta kontakt på tlf. 70 04 62 00 eller sende e-post til firmapost@tussa.no.