Jobb og karriere

Liker å hjelpe kundane

Kornelius Garshol frå Ulstein har vore lærling i Tussa sidan hausten 2014. Han har valt eit nytt utdanningsløp innan service og samferdsel, der han får både fagbrev og generell studiekompetanse etter fire år. Alle fire åra skal han ha lærlingplass i Tussa, samstundes som han har undervisning ved Volsdalsberga vidaregåande skule.

Garshol Cornelius_750.jpg

Har du ringt til Tussa for å få svar på spørsmål om IKT-produkta våre, er det kanskje Kornelius du har snakka med. To dagar i veka jobbar han på Tussa sitt løysingssenter. Her sit medarbeidarar med spesialkompetanse innan drift og support av IKT-utstyr. Kornelius har heilt sidan han starta hausten 2014 hatt same oppgåvene og jobba på lik linje som dei andre medarbeidarane på løysingssenteret.
 
- Det var litt skummelt i starten. Eg starta som lærling rett etter ungdomsskulen, hadde berre ei veke fri før eg starta å jobbe her. Eg visste ikkje så mykje om IT då eg starta, men har fått god opplæring. Og er det noko eg ikkje kan så spør eg dei som sit rundt meg. Det er godt arbeidsmiljø, og vi har det kjekt på jobb, fortel Kornelius.
 
Nettopp det å hjelpe folk, og føle at det han gjer er nyttig, trekkjer han fram som positivt med arbeidet.
- Eg likar å hjelpe kundar, og at det eg gjer betyr noko for dei. Det gir mestringskjensle, smilar han.

Nytt utdanningstilbod

Utdanninga Kornelius har valt er eit nytt 4-årig tilbod, der elvane går ut med både fagbrev og generell studiekompetanse. Alle fire åra vert læring i skulen kombinert med lære i praksis. Etter dette skuleåret med Vg1 service og samferdsel, vil Kornelius fortsetje på Vg2 og Vg3 IKT-servicefag. To av klassekameratane har valt same utdanningsløp.

- Vi var 15 i klassa ved skulestart i haust, no er vi 12, og alle har fått lærlingplass. Til neste år skal eg som i år vere to dagar i veka på jobb hos Tussa, og tre dagar i veka på skulen. Dei to siste åra er det omvendt, med tre dagar jobb og to dagar på skule.

- Kva skal du gjere når du er ferdig som lærling?

- Det er eg ikkje heilt sikkert på, det er tre år til, så eg har ikkje bestemt meg enda. Kanskje blir det høgskule etter kvart. Men eg likar meg godt i Tussa, her er godt arbeidsmiljø og eg har blitt tatt godt i mot.