Jobb og karriere

Helse, miljø og sikkerheit i Tussa

Tussa arbeider systematisk med helse, miljø og sikkerheit for å unngå skade på menneske, miljø og materiell.

Helse, miljø og sikkerheit står i fokus hos Tussa, og blir sett på som eit felles ansvar for alle medarbeidarane i konsernet. Tussa har fastsett skriftlege mål for helse, miljø og sikkerheitsarbeidet, og desse ligg som ein føresetnad for planane og aktivitetane våre. I Tussa skal HMS-arbeidet skal prioriterast på lik linje med dei andre aktivitetane våre.
 
Vi har sett oss mål om å oppnå gode miljøresultat når det gjeld ytre miljø og arbeidsmiljø. 
 
Ytre miljø
Tussa driv verksemd med utgangspunkt i produksjon, overføring og omsetning av energi- og kommunikasjonsprodukt. Aktivitetsnivået er høgt, med verksemd, anlegg og infrastruktur over heile søre Sunnmøre. Vi skal i minst mogleg grad bidra til forureining, og i den grad vi gjer det, skal det vere innanfor det som er allment akseptert til ei kvar tid. Vi legg vekt på å dempe negative miljøpåverknader, gjennomfører grundige konsekvensutgreiingar og naudsynte miljøtiltak. Konsernet legg vekt på bruk av miljøvennlege produkt, vi har gode system for avfallshandtering og kjeldesorterer avfall. Konsernet fyl lov- og regelverket som gjeld, og har ikkje fått påtale eller brote konsesjonsvilkåra.
 
Arbeidsmiljø
Eit godt miljøresultat for det indre miljøet er at tilsette går heim frå arbeid like friske som då dei gjekk til arbeid. Tussa ser på mellom anna følgjande faktorar som viktige i HMS-arbeidet:
- el-tryggleik
- arbeid i høgda
- arbeid i terrenget
- bruk av verneutstyr
- trafikktryggleik
- helse og livsstil
- innemiljø, luftkvalitet
 
Tussa gjennomfører årlege undersøkingar blant medarbeidarane for å undersøke trivsel og arbeidsmiljø. Tussa har utvikla HMS-handbok som eit ledd i trygginga av dei tilsette i Tussa.