Mørenett AS

Mørenett har ansvaret for overføring av all elektrisk energi i 12 kommunar på Sunnmøre og delar av Nordfjord.

Mørenett AS er eit felleskontrollert selskap mellom Tussa og Tafjord, der eigarfordelinga er 53,66 % til Tafjord Kraft AS og 46,34 % til Tussa Kraft AS.
 
Mørenett AS eig, byggjer og vedlikeheld distribusjonsnettet for elektrisk kraft i kommunane Ålesund, Giske, Sula, Ulstein, Hareid, Herøy, Sande, Vanylven, Ørsta, Volda, Hornindal og Norddal. Regionalnettet dekkjer kommunane på søre og nordre Sunnmøre. 
 
Selskapet hadde 139 fast tilsette ved utgangen av 2017, og 64 000 kundar i konsesjonsområdet. Mørenett AS sitt hovudkontor ligg i Dragsund i Herøy kommune.