Tussa Energi AS

Tussa Energi AS produserer kraft, byggjer ut og driv vasskraftverk, og sel kraft på den nordiske kraftbørsen.

Tussa Energi AS eig og driv 19 kraftverk og driv 2 kraftverk for Sunnmøre Energi AS, eit anna dotterselskap i Tussakonsernet. Kraftverka har ein samla gjennomsnittleg produksjonskapasitet på om lag 670 GWh i året.
 
I tillegg til vasskraftproduksjon driv Tussa Energi AS eit biobrenselanlegg. Selskapet er aktør på den nordiske kraftbørsen NordPool spot, og handlar også på terminmarknaden Nasdaq OMX.
 
Tussa Energi AS har hovudkontor i Hovdebygda i Ørsta kommune, og hadde 21 fast tilsette i 2016. Adm. direktør er Elling Dybdal.