Ørsta Eldhus

Ørsta Eldhus vart sett i drift i 2011. Fullt utbygd vil Ørsta Eldhus levere rundt 10 GWh varme i året, hovudsakleg ved forbrenning av fils frå reint treverk og skogsvirke.

Ørsta Eldhus leverer varme til ei rekkje verksemder i Ørsta sentrum. Forbrenning av treflis dekkjer 90 % av det årlege varmebehovet hos kundane. Ved forbrukstoppar og i periodar med lågt oppvarmingsbehov vil ein forbrenne gass.
 
Oppvarminga skjer via fjernvarmenett, det vil seie rør som går frå Ørsta Eldhus til kundane. Eldhuset leverer varmt vatn fram til varmevekslarane hos kunden. Vatnet held ein temperatur på om lag 85 °C. Kundane koplar seg på "sekundærsida" og kan nytte dette til oppvarming av bygget. Vatnet går så i retur til Ørsta Eldhus for ny oppvarming.
 

Tekniske data: