Viddal kraftverk

Viddal kraftverk vart sett i drift i 2012. Kraftverket har ein årsproduksjon på om lag 17 GWh.

Viddal kraftverk er eit elvekraftverk som ligg på Viddal inst i Hjørundfjorden i Ørsta kommune. Kraftverket er eit av fire kraftverk Tussa sette i drift i 2012/13. Inntaket til Viddal kraftverk ligg rett nedanfor Draura kraftverk. Ved at vatnet frå Draura kraftverk renn vidare til Viddal, blir vassressursane utnytta maksimalt.
 
Sett i drift: 2012
Fallhøgd: 243 m
Nedslagsfelt: 12,7 km2
Normalproduksjon: 16 GWh i året
Installert effekt: 5,49 MW
 
Kart over nedslagsfelt