Nesset kraftverk

Nesset kraftverk er det minste av Tussa sine kraftverk med ein normalproduksjon på 2,5 GWh i året. Kraftverket blei sett i drift i 1947.

Våren 1946 starta utbygginga av Nesset kraftverk, som stod ferdig i 1947. Kraftverket er eit magasinkraftverk som ligg i Hareid kommune, og det utnyttar Nessetelva med Svartevatnet som inntaksbasseng. Frå Svartevatnet går det eit 1 200 m langt overføringsrør til Hammarstøylvatnet, som er kraftverket sitt hovudbasseng.
 
Kraftverket kom inn i Tussa med oppkjøpet av Hareid kommunale elverk i 1996.
 
Sett i drift: 1947
Fallhøgd: 195 m
Nedslagsfelt: 4,7 km2
Normalproduksjon: 2,5 GWh i året
Installert effekt: 0,4 MW
 
Kart over nedslagsfelt