Ulsteindalen kraftverk

Ulsteindalen kraftverk er Tussa sitt eldste kraftverk, sett i drift i 1917. Kraftverket har ein normalproduksjon på 5 GWh i året.

Kraftverket er eit magasinkraftverk som ligg i Ulsteindalen i Ulstein kommune, og utnyttar Ulsteinelva og nedslagsfelta kring Lisjevatnet, Mosvatnet og Tjeldstjenna.

Ulsteindalen kraftverk vart sett i drift i 1917. I 2000 vart kraftverket modernisert, og ein ny stasjon vart bygt ved sidan av den gamle. Den gamle kraftstasjonen er teken vare på, og vert i dag nytta som møte- og selskapslokale, disponert av Quality Hotel Ulstein.
 
Sett i drift: 1917, modernisert 2001
Nedslagsfelt: 7,4 km2
Fallhøgd: 196 m
Normalproduksjon: 5 GWh per år
Installert effekt: 1,2 MW
 
Kart over nedslagsfelt