Kopa kraftverk

Kopa kraftverk vart sett i drift i 1937 og har ein normalproduksjon på 17 GWh i året.

Kopa kraftverk er eit magasinkraftverk som ligg i Austefjorden i Volda kommune. Kraftverket utnyttar fallet mellom Osdalsvatnet og Kalvatnet.
 
I 1934 blei kapasiteten i Kolfossen kraftverk for liten for Volda kommune, og utbygginga av Kopafallet vart sett i gang i 1936. I desember 1937 vart Kopa kraftverk sett i drift. Kraftverket blei modernisert i 1993. Kopa kraftverk kom inn i Tussa med oppkjøpet av Volda energiverk i 1996.
 
"Det dukka opp eit uventa problem før igangsettinga av kraftverket i desember 1937: sprengkulde ned mot 10 minusgrader. Det ordna seg likevel, for driftsstyrar Aasebø fekk ideen å tenne bål langs rørgata. Bygdefolk bar tilfang til bål, og dei som hugsa det fortalde om eit vakkert syn der Kalvatnet låg stavstilt og spegla av det lange bålet. Vatnet vart sett på og starten av kraftverket gjekk som planlagt."
(Frå 50-årsskriftet til Volda komm. elverk, Olav Kriken)
 
Sett i drift: 1937, modernisert i 1993
Fallhøgd: 83 m
Nedslagsfelt: 40,8 km2
Normalproduksjon: 17 GWh i året
Installert effekt: 2,6 MW
 
Kart over nedslagsfelt