Åmela kraftverk

Åmela kraftverk er Tussa sitt nest største, sett i drift i 1977. Normalproduksjonen er på 132 GWh i året.

Bygginga av Åmela kraftverk tok til i september 1973. Åmela er eit magasinkraftverk som utnyttar det naturlege nedslagsfeltet til Åmelaelva, i tillegg til overføring av vatn frå ei rekkje mindre nabovassdrag. Det siste av fire byggjesteg vart avslutta i 1980, 3 år etter at stasjonen blei sett i drift. Kraftverket ligg på Åmelfot, inst i Dalsfjorden i Volda kommune.
 
Sett i drift: 1977
Fallhøgd: 536 m
Nedslagsfelt: 34,2 km2
Normalproduksjon: 132 GWh per år
Installert effekt: 33 MW
 
Kart over nedslagsfelt