Tussa kraftverk

Tussa kraftverk er det største kraftverket i Tussa, med ein normalproduksjon på 260 GWh i året. Kraftverket vart sett i drift i 1961 og modernisert i 1995.

Tussa kraftverk er eit magasinkraftverk som ligg på Bjørke, inst i Hjørundfjorden i Ørsta kommune. Kraftverket utnyttar fallet mellom Tyssevatnet og sjøen. Utbygginga tok til i 1958 og gjekk fram i tre byggjesteg:
  1. Det første byggjesteget var ferdig i 1961 og omfatta sjølve stasjonen og utnyttinga av dei naturlege nedslagsfelta til Tysse-vassdraget.
  2. Tussa byggjer eit tunnelsystem, takrenneprosjektet, på 14,77 km med i alt 7 inntak, som leier vatnet frå nabovassdrag, hovudsakleg i Hornindal, over til Tyssevatnet. Produksjonen ved kraftverket var no fordobla. 
  3. Overføring av nedslagsfeltet til Kårdøla, tok til i 1982 og var ferdig i desember 1983.
Sett i drift: 1961, modernisert i 1995
Fallhøgd: 637 m
Nedslagsfelt: 56,8 km2
Normalproduksjon: 260 GWh i året
Installert effekt: 60 MW
 
Kart over nedslagsfelt