Osdalen kraftverk

Osdalen kraftverk har ein normalproduksjon på 16 GWh per år. Kraftverket vart sett i drift i 2021.

Kraftverket utnyttar ei fallhøgd på 177 meter. Inntaket er bygd nedstraums Osdalssætrevatnet, og ei knapt to kilometer lang nedgraven røyrgate fører vatnet til kraftstasjonen, som står like framom Osdalsgardane.
 
Kraftverket har ein installert effekt på 4,3 MW. For å føre krafta ut på nettet har Tussa lagt ein vel 6,5 kilometer lang straumkabel frå Kalvatn til Osdalen. Heile prosjektet har ein byggjekostnad på om lag 65 mill. kr. Tussa fekk konsesjon på Osdalen kraftverk i 2014, og byrja utbygginga i august 2019.
 
Sett i drift: 2021
Fallhøgd: 177 m
Normalproduksjon: 16 GWh i året
Installert effekt: 4,3 MW