Turtips i Ørsta; Sæbønestua

Ein middels fjelltur med litt bratt oppstigning og super utsikt på toppen.

Sæbønestua (636 moh)

Lengde: 1,3 km (2,6 km tur/retur)
Høgdemeter: 564 meter
Vanskelegheitsgrad: Middels
 
Frå Sæbønestua er det flott utsikt sjølv om du ikkje er høgt til fjells. Det er bratt oppstigning, men etterkvart får du betalt i form av super utsikt. På toppen er det godt å sitte og sjå utover fjorden. Du kan til og med slå opp telt og overnatte ei lys og deilig sommarnatt:)

 

Vegen dit

Frå Ørsta sentrum tek du av mot Sæbø, følg RV655. Når du kjem til sentrum av Sæbø køyrer du forbi ferjekaia. Følg Flatnesvegen. Etterkvart tek du av på Høgeskjerva. Stien startar bak ei garasje i svingen av Høgeskjerva. Det er skilta.
 

Parkering

Det er bra med plass til å parkere ved start.
 

Start

Starten av turen er skilta "Tua" og stien finn du bak ei garasje. Det er god sti som går bratt opp gjennom lia. Det er god merking og høgdemetera er også markerte nokre stader. Litt slakkare parti innimellom, men stort sett går det nokså bratt opp gjennom skogen. På om lag 370 moh får du første utsiktspunkt, her ser du over mot Trandal. Du får etterkvart nokre utsiktsplassar til, men den aller beste utsikta ventar deg på toppen.
 
Kjelde: https://mrfylke.no/Morotur/Turar/Saeboenestua