Turtips i Ørsta; Slogen

Krevjande fjelltur som gir fantastisk utsikt over Hjørundfjorden.

Slogen (1564 moh)

Lengde: 3,2 km
Høgdemeter: 1564 moh
Vanskelegheitsgrad: Krevjande
Tid: 6-8 timar
Sesong: juni-oktober

Dette er kortaste veg til Slogen, men også den brattaste. Denne turen passar for dei som toler å gå i bratt motbakke. Du startar omtrent på havnivå (61 moh) og endar på 1564 moh.

Start

Ta ferje frå Sæbø til Leknes og køyr til Øye. Eller via Stranda - Hellesylt - Norangsdalen.
 

Parkering

Der er tydeleg skilta kvar ein kan parkere. På andre sida av vegen frå parkeringsplassen er det skilta kvar råsa startar. Råsa er ikkje merkt, men er lett å finne opp gjennom fjellsida. Gjennom heile oppstigninga får du eit mektig skue ned mot Hjørundfjorden, framover Norangsdalen, og på alle dei majestetiske toppane som omkransar dalen.
 
På om lag 1200 moh er du oppe på fjellegga som går mot toppen av Slogen. Her møter du råsa som kjem frå Patchellhytta. Frå dette punktet kan du sjå toppen. Dersom du synest dei siste høgdemeterane i lia var litt tunge vil du garantert få motivasjon til å fortsette når du no kan sjå målet innan rekkevidde.
 
Vidare oppover mot toppen går det greitt å sjå kvar du skal gå. Ryggen er ikkje spesielt luftig. Det er først dei 20 siste meterane det kan vere krevjande å finne ein god veg, og du må rekne med litt småklatring. Det skal likevel gå fint så lenge du ikkje held for langt til høgre. Om du er i god form kan du rekne med å bruke om lag 3 timar dersom du går jamt og trutt, og brukar om lag ein halv time totalt på pausar. Nokre må bruke lenger tid.
 
Topplatået er luftig og ikkje spesielt stort, men gir til gjengjeld ei heilt ubeskriveleg vakker utsikt mot ein grønblå fjord og fantastiske fjell.
 
I nedstigninga må du halde tunga beint i munnen og trå varsamt ned dei første og brattaste partia. Men etter det er det igjen greitt å følgje råsa heile vegen ned igjen. Du må rekne med å bruke om lag 2-3 timar ned att.
 
 
Kjelde: https://www.ut.no/tur/2.8220/