Turtips i Ørsta; Jønshorn

Begge er krevjande fjellturar som gir fantastisk utsikt over Hjørundfjorden.

Jønshornet (1419 moh)

Lengde: 5,2 km
Vanskelegheitsgrad: Krevjande
Sesong: juni-september
 
Jønshornet er ein av dei mest markerte og mest besøkte toppane i Sunnmørsalpane, og den høgste toppen i tinderekka rundt Molladalen. Toppen er også kjend som Ramoen.
 

Start 

Følg E39 mot Barstadvika (frå Ålesunds-området tek ein ferje frå Solavågen til Festøya). Følg vegen på austsida innover Barstaddalen fram til brua over Vollane, der kan du parkere bilen.
 
Frå Vollane følgjer du stien opp til Gamlestøylen (på venstre side av elva), som ligg 4-500 moh. Stien er ikkje merkt, men det står skilt nede ved vegen. Frå setra går du først nokså flatt til høgre over nokre myrar, og deretter med jamn stigning langs ryggen oppover mot Rametinden (1198 moh.) Her kan du sjå rett ned i Hjørundfjorden. Eggen mot Jønshornet ligg no framfor deg i sør. Den hevar seg som ein smal boge i fleire avsatsar. Her klatrar du oppover den bratte egga (omtrent som Besseggen) og står snart under toppen, som nærast er ein haug med steinblokker stabla oppå kvarandre. Her kan du krype opp mellom nokre steinheller som dannar eit lite hol i toppen.
 
På sjølve toppunktet er det lite plass, men du står trygt nede i ei lita gryte mellom steinane, der kan du nyte den flotte utsikta utan fare. 
 
Kjelde: http://www.ut.no
Du kan lese meir om turen og andre rutetips til Jønshorn her:  http://ut.no/tur/2.2698/