Turbilde juni 2017.pngLynghalstinden, Ørsta. Foto: Stig Petter Driveklepp

Turtips i Ørsta; Dalegubben

Luftig topptur til Dalegubben eller ein lettare tur som også kan passe for born til Gunnar-råsa

 

Dalegubben (1344 moh)

Lengde: 3 km
Stigning: 1280 meter
Vanskelegheitsgrad: Krevjande
Sesong: juni-september
Tid: Om lag 4 timar (alt etter alder og form)
 
Dalegubben kan by på ein av Sunnmørsalpane sine beste utsikter. Dette måtte til og med W.C. Slingsby innrømme når han besøkte toppen etter at han hadde klatra opp på Slogen. 1300 høgdemeter rett opp frå Sæbø ved Hjørundfjorden. Fantastisk utsikt!


Start

Start turen frå Riise, første grenda vest for Sæbø. Finn traktorvegen som går på kryss og tvers oppover i skogen. Ved 400 meter høgde kan du krysse ei renne inn til Skondalen. Stigninga er jamn og bratt herifrå, med litt småklatring mot slutten, men dette krev ikkje tau og held du deg til stien skal det ikkje vere for krevjande.
 
Siste biten går på "baksida" av gubben. Her er det litt lett klatring og ganske så luftig den siste biten. Når du først er oppe får du enorm utsikt!
 
Kjelder:
http://www.ifriluft.net/content/view/23/60/
http://sunnmorstopper.freehostia.com/dalegubben/dalegubben.html
http://www.visitalesund-geiranger.com