Turtips i Ørsta; Jakta

 

Jakta

Lengde: 10,2 km tur/retur
Vanskelegheitsgrad: Ekspert
Høgdemeter: 1556 moh
Tid: 5 timar
 
Dette er ein krevjande tur der turen er dåleg merka frå 800 moh. På den høgda er det også slutt på mobildekninga fram mot toppen, så lagre alt av kart og informasjon på telefonen før du går. God tilgang på drikkevatn opp til 1100 moh.
 

Korleis kome seg dit turen startar

Frå Ålesund kan ein ta ferga Magerholm-Aursnes, gjennom Sykkylven mot Stranda og deretter videre mot Hellesylt. Ta av til høgre mot Norangsdal rett før Hellesylt sentrum. Følg vegen mot Øye hotell, forbi parkeringa til Slogen, ta avkjøringa til venstre (mellom to hus) og kjør videre rett fram.
 
Frå Ørsta tek du ferga Sæbø-Urke. Følg vegen mot Øye hotell, før parkeringa til Slogen, ta avkjøringa til høgre (mellom to hus) og kjør videre rett fram.

Skiltet mot Jakta står på venstre side ved enden av asfalten, og du kan kjøre 50 meter til på traktorsti før parkering.
 

Parkering

Ta til høgre etter den lille brua og parker rett etter. Dersom det er fullt, kan du kjøre tilbake til parkering for Slogen og stå der.

 

Start

Turen startar frå parkeringa på 43 moh og går dei første 100 metera på traktorstien langs elva, deretter ei 30 meter steinur langs elva før du ser ein påle. Ta til venstre og du ser eit nytt svart skilt mot Jakta. Her er stien godt brukt og tydeleg. Dersom det er vått i terrenget kan mykje av torvtustane på steinane gli ut. På 350 moh kjem du til ei elvekryssing med ein festa kjetting for assistanse. Det kan vere vanskeleg å komme seg tørrskodd over så ein bør vurdere å ta av skoa for å unngå å bli våt så tidlig på turen. Videre oppover er det få hindringar.
 
På om lag 770 moh delar stien seg i to, ein svakt ned mot elva og ein rett fram. Desse går saman igjen lenger oppe. På 800 moh kjem du til enden av der stien er tydeleg. Ei stor steinur markerer plassen. 
 
Turen fortsett slakt opp 200 høgdemeter rett fram innover i dalen, på samme side av elva du kom opp (høgre). På om lag 1000 høgdemeter dreiar du til høgre og skal sjå både svaberg, ein litt større varde og ein sti oppover sida mot Jakta. Her vekslar det igjen mellom grastustar, berg og lenger oppe steinur, men sti som er god å sjå. Terrenget er ganske bratt, ver oppmerksam slik at du ikkje trår feil. Når du kjem opp over kanten er du på rein steinur og igjen på umerka sti. Her må ein prøve å halde seg midt på ryggen og følge små vardar og opprøyste langsteinar mot toppen. Når du ser varden må du passe på å ikkje gå for langt til venstre utpå kanten, der går fjellet loddrett ned.
 
Toppen har ei flott utsikt over Hjørundfjorden, Skårasalen, Slogen og Store Smørskredtind! NB! Tåka kjem fort så ikkje drøy for lenge på toppen. Dersom tåka skulle komme, er det noko mobildekning oppe ved varden.
 
Spesielt partiet ned igjen fra toppen kan vere vanskelig å finne, då det går fra steinur til sti igjen. Stien skal begynne på cirka 1310 moh. Her må ein vere årvåken og sjå etter stien på venstre side, samstundes som ein må passe på å ikkje gå for nærme kanten. Ein kan beregne litt over to timar ned igjen.
 
 Last ned pdf av turen!
 
 Sjå meir informasjon om turen, kart og bilde her!

 

Kjelde: www.ut.no ved Per Tore Molvær
 
 
God tur!