Turtips i Herøy; Runde fyr

Ta turen til Runde fyr. Ei spanande oppleving for store og små!

Korleis kome seg til Runde/Goksøyr

For å kome seg til Runde følgjer du RV61 mot Fosnavåg. Følg skiltinga til Runde/Goksøyr. Goksøyr ligg på nordsida av øya. Like før Goksøyr kan du parkere på den store parkeringsplassen. Her finn du også toalettfasilitetar. Inga parkeringsavgift.

 

Runde fyr

Lengde: 3.8 km
Stigning: 227 meter
Toppunkt: 230 MOH
 
Runde fyr ligg på Kvalneset på nordvestspissen av Runde i Herøy kommune. Frå parkeringsplassen går du mot enden av Goksøyr, rett etter du har passert Runde camping (på venstre side av hovudvegen) tek du til venstre. Vegen er godt merkt. Dette er starten på vegen både til Lundeura og Runde fyr. Første delen av vegen er asfaltert, men ganske bratt. Følg skilting som viser turstien til Runde fyr. Stien er god, men med nokre parti som kan bli litt blaute. Alle stiane på Rundefjellet er godt merkte og det er fleire av stiane du kan følgje for å kome til Runde fyr.
 
Moglegheit for overnatting
Om ein ønskjer det kan ein overnatte på fyret. Fyrvaktarbustaden på fyrstasjonene er gjort om til sjølvbetjent hytte med 24 sengar fordelt på to rom med 6 sengar, to med fire sengar, ei seng under trappa og 3 sengar på "storeloftet". Hytta er på utlån av Den Norske Turistforening. Her kan du ta inn etter ein tur over Rundebranden, du kan kjøpe deg mat frå hytta sitt sjølvbeteningslager og lage han til på det koselege kjøkkenet. Her er det berre å nyte livet og vêret, for her er det spennande uansett om det er solskinn eller vind og regn.
 
Sjå fleire bilete og les meir om overnatting og Runde fyr på DNT sine sider: http://ut.no/hytte/3.2165/
Kilde: ut.no